Mittet polyesterfiber montasje reidar mjelde foto tony hall 11
REKORDÅR: Mittet og administrerande direktør Reidar Mjelde med sitt beste år sidan starten. Foto: Tony Hall
Nytt

Mittet slo alle rekordar

Den familieeigde Sula-bedrifta auka omsetninga - og eigarane kan ta ut solid utbyte.

08.05.2023

Mittet har historie tilbake til 1946, men i fjor hadde bedrifta sitt beste år sidan oppstarten.

Driftsinntektene auka kraftig - med heile 66,5 millionar kroner etter ein nedtur i 2021.

Men resultatet før skatt auka også, frå 16,7 millionar kroner i 2021 til 41,4 millionar kroner i fjor. Dette gjer at eigarane kan fordele eit utbyte på 26 millionar kroner for fjoråret.

(saka held fram etter tabellen)

Mittet (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 166,3 99,8
Driftsresultat 40,3 16,2
Resultat før skatt 41,4 16,7

Tre fabrikkar
Mittet produserer tekstilar til ulike formål, i hovudsak basert på syntetiske tekstilfibrar. Selskapet har fabrikkar i Vegsund og Mauseidvåg, i tillegg til ein fabrikk i sitt heileigde selskap i Lithauen.

Selskapet er i dag organisert i fire forretningsområde; Bygg & ventilasjon, Møbel, Tekstil og Spesialprodukt, der ein frå fabrikken i Mauseidvåg leverer tekstilar til møbelindustrien, medan produkta til bygg og ventilasjonsbransjen foregår ved hovudfabrikken i Vegsund. Ved fabrikken i Lithauen, og ved leigeproduksjon i Estland, foregår eksport av tekstil- og spesialprodukt.

NATO-sko
Blant anna er Sula-bedrifta store leverandørar ventilasjonsfilter og av pels til målarrullar, i tillegg til ein over fleire år har levert overtrekkssko til NATO.

I fjor var det inntektene frå eksport som auka kraftig, frå 62,2 millionar kroner i 2021 til 130,3 millionar i fjor.

Lithauen-bedrifta leverer også positivt, og hadde eit driftsresultat på 2,7 millionar kroner i fjor.

Skjerpa konkurranse
Styret skriv i årsrapporten at ein forventar moderat vekst i år, men at det er skjerpa konkurranse, spesielt på filter. For å oppretthalde lønsemda, vil ein rasjonalisere og investere i nytt utstyr, blant anna automatar.

Styret skriv også at ein har gjort tiltak for å redusere straumforbruket, blant anna gjennom samarbeid med Tafjord Marked og Enova, men at ein vil gjennomføre ytterlegare tiltak.

Hovudaksjonærar i Mittet er Reidar og Irene Mjelde med 51 prosent. I tillegg eig Monica Lervik Mittet, Marianne Havnevik Mittet og Wenche Mittet til saman 44 prosent, medan Jon Aaland eig 5 prosent.

Publisert: 08.05.2023 10:46

Sist oppdatert: 08.05.2023 19:22

Mer om