– Vi har hatt ein veldig god start på året, seier dagleg leiar Jens Peter Brunstad i L.K. Hjelle i Sykkylven.
Møbelprodusenten sysselsette 25 årsverk i fjor. Etter å ha redusert talet på tilsette dei to førre åra reknar Brunstad no med å tilsette tre-fire personar til i produksjonen, for å ta unna den auke etterspørselen.
Det er vekst i alle marknader, både i Noreg og i eksporten - i hovudsak til Danmark og USA og i heimemarknaden. Eksportandelen ligg mellom 25 og 30 prosent.
Etter ein topp i 2022 har inntektene flata it opg falle litt. Det er fordi privatpersonar har kjøpt færre L.K. Hjelle-møblar. Salet i den såkalla kontraktsmarknaden - til bedrifter og offentleg verksemder - og halde fram å vekse, og står for ein aukande andel av inntektene, sjølv om også privatmarknadne veks i år.
Vidare vekst kjem også til å slå ut i aukande lønsemd, i følgje Brunstad.
Rekord under korona
Under koronapandemien i 2020-2022 steig inntektene til L.K. Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven kraftig, frå 35,5 millionar kroner i 2019 til 55,3 millionar kroner i 2022. Det var ny rekordinntekt for møbelprodusenten.
Veksten løfta selskapet frå eit underskot på 4,6 millionar kroner i 2019, til overskot både i 2020 og 2021. Men i både i 2022 og 2023 var det på ny minusresultat, før fjoråret enda med eit lite pluss. (Sjå tabell)
Færre tilsette er ei av forklaringane på at resultatet er betre. Møbelprodusenten sysselsette 32 årsverk i 2022. Arbeidstokken vart redusert både i 2023 og i fjor, til 25 årsverk.
Fleire aksjonærar
I tillegg til eigenutvikla møblar produserer L.K. Hjelle to designklassikara, Siesta-stolen og Falcon-stolen, som tidlegare var produsert av andre møbelfabrikkar på Sunnmøre.
I 2018 fekk L.K. Hjelle i gruppe lokala investorar inn på eigarsida, gjennom selskapet Råna Invest.
I dag har L.K. Hjelle Møbelfabrikk sju aksjonærar, der investeringselskapet Råna Invest i Sykkylven er størst med 39,115 prosent av aksjane. Dag Frode Hjelle eig 38,673 gjennom sitt selskap Heim Agentur. Dei andre aksjonærane er er Bjørn Hjelle (8,319 prosent), Axel Hovind ( 5,133 prosent), Per Ole Verlo (5,133 prosent), Fridtjof Aure Fredriksen (2,124 prosent) og Cecile Skog sitt selskap Cecilie Skog as (1,504 prosent).
| L.K. Hjelle Møbelfabrikk as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 51,5 | 48,1 |
| Driftsresultat | 1,0 | -1,4 |
| Resultat før skatt | 0,2 | -1,9 |
Les også
Selskapet håpar å få like stor suksess med Falcon-stolen som med Siesta-stolen.
Tidlegare Ekornesaksjonærar satsar på L.K. Hjelle Møbelfabrikk.
Møbelprodusenten L.K. Hjelle i Sykkylven får fleire lokale og regionale investorar inn på eigarsida.
Publisert: 28.05.2025 10:56
Sist oppdatert: 28.05.2025 12:14






