Nesten eksportrekord trass korona
ULIKE KONSEKVENSAR: Koronaepidemien har råka sjømatnæringa ulikt. For sild- og makrellfiskarane har den hatt lite å bety medan dei som leverer til restaurant-, hotell og cateringsmarknaden har merka epidemien mest.
Nytt

Nesten eksportrekord, trass korona

Noreg eksportert sjømat for 105,7 milliardar kroner i fjor, like under rekorden på 107,2 milliardar i 2019.

06.01.2021
Ein god start på 2020, ei gunstig valutakursutvikling og at sild og makrell er lite råka av konsekvensane av koronepidemien er viktige årsaker til at det berre blei ein minimal nedgang i verdien på sjømateksporten i fjor, ifølgje Norges sjømatråd (tidlegare Eksportutvalget for fisk).

Volumet i sjømateksporten steig med to prosent, men verdien gjekk ned med ein prosent i 2020 samanlikna med 2019.
"Jeg er glad for at sjømateksporten igjen passerer milepælen på 100 milliarder kroner i eksportverdi. Første gang vi klarte dette var i 2019, og at dette gjentar seg i koronaåret 2020, er fantastisk", seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i pressemeldinga.

Nedgang hos hotell og restaurantar

Den verdsomspennande koronaepidemien og tiltaka mot den gjorde at salet til hotell- og restaurantmarknaden er kraftig redusert. Det har slått negativt ut både for kvitfisk og oppdrettslaks.
Administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd seier biletet er nyansert: "Det har vært en svært positiv utvikling for produkter som sild og makrell, mens det har vært utfordringer og nedgang blant annet for klippfisk og tørrfisk", seier ho i pressemeldinga.
Verdien av eksporten av oppdrettslaks og -aure var på 74,2 milliardar kroner, som utgjer 70 prosent av den samla sjømateksporten. Eksportverdien av oppdrettsfisken fall 2,1 milliardar kroner, som er tre prosent under 2019-nivået.
Villfisk-eksporten steig med 0,6 milliardar kroner, til 31,5 milliardar, ein auke på to prosent.

11 prosent under i november

2020 starta godt for sjømateksporten og før koronaepidemien kom låg det an til eit nytt rekordår. Utover året endra biletet seg, og tala for november 2020 viste ein nedgang på 11 prosent i eksportverdi samanlikna med november 2019.

16 og 18 prosent auke

Vinnarane i 2020 var sild- og makrellfiskarane.
Det blei eksportert makrell for fem milliardar kroner. Det er er ny rekord, og er ein auke på 693 millionar kroner, som tilsvarar 16 prosent.
Sildeeksporten auka med 18 prosent, opp 590 millionar, til 3,8 milliardar kroner.
For både torsk, sei og hyse fall eksportverdien i fjor. Verdien på torskeeksporten var ned fire prosent til 9,6 milliardar, seieksporten var ned fem prosent til 2,4 milliardar kroner og hyseeksporten ned åtte prosent til 1,8 milliardar kroner.

Trøbbel i Brasil

Svikt i den brasilianske marknaden er hovudårsaka til nedgangen i klippfiskeeksporten.
"Landet har vært hardt rammet av pandemien samtidig som lav oljepris har ført til en svekkelse av brasiliansk real mot dollar", seier Noregs sjømatråds utsending til Brasil, Øystein Valanes i pressemelding.
Samstundes se Norges sjlømatråd ei positivt utvikling for klippfiskeeksporten både til Brasil og Portugal i slutten av 2020.

Publisert: 06.01.2021 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10