Sundebygget montasje paul sindre vedeld foto inger bygg instagram 11
STUDENTBYGG: Rovde Møbel & Design og dagleg leiar Paul Sindre Vedeld har tradisjonelt hatt skipsmarknaden som si største kundegruppe. I år står Sundebygget for halvparten av omsetnaden. Foto: Inger.Bygg på Instagram
Nytt

No er halve oppdragsmengda på land

Studenthuset Sundebygget gir mykje å gjere for skipsinnreiaren på Rovdestranda.

Kjell Arne Steinsvik
08.07.2022

Innreiing av 84 hyblar og fellesrom i det nye studenthuset Sundebygget i Ålesund utgjer halvparten av omsetnaden for Rovde Møbel & Design As.

Bygget skal opnast i haust, og vart i år ein viktig ordre for møbelbedrifta på Rovdestranda.

Bedrifta med 13 tilsette har tradisjonelt hatt skipsmarknaden som største kundegruppa, men dei siste åra har også kundar på land vorte eit større satsingsområde.

Innreiing av næringsbygg, så vel som privatbustader og hytter, fyller no ordrebøkene ut over sommaren og hausten.

(saka held fram under)

Sundebygget montasje Rovde Møbel Design foto Inger Bygg Instagram
STUDENTHYBLAR: Storoppdraget består av innreiing til 84 studenthyblar og fellesrom. Lusparken Arkitekter og 3RW Arkitekter står for design av bygget. Foto: Inger.Bygg på Instagram

Kort leveringslinje
Ein av fordelane møbelbedrifta dreg nytte av er ei superkort leveringslinje, direkte frå fabrikk til kunde.

– Heile vegen har vi hatt ei stigning innan kjøken, garderober, vaskerom og bad, sågar innreiing av heile bustadhus. Vi lagar det på mål til kundane, som gjerne vil ha noko som ikkje andre har, fortel dagleg leiar Paul Sindre Vedeld.

Rekordomsetning i fjor
Rovde Møbel & Design omsette i fjor for 13,18 millionar kroner og enda med eit driftsresultat på 255.426 kroner.

Det var også ny omsetningsrekord med god margin for selskapet. (sjå tabell under).

Rovde Møbel & Design
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 13,18 9,96
Driftsresultat 0,25 0,45
Resultat før skatt 0,05 0,18
289046192 3197478377179445 6161120311807121647 n
Brønnbåten Ro Chief har nyleg vorte oppussa på Larsnes Mek. Verkstad. Her er det nye interiøret laga av Rovde Møbel & Design. Foto: Rovde Møbel & Design

Kjerneområdet til bedrifta er framleis innreiing av båtar. Spesielt har Larsnes Mek. Verkstad vist seg å vere ein trufast kunde. Det komande halvåret har verftet to brønnbåtar og to fiskebåtar i kø for innvendig møblering.

Auke i råvareprisar
Til liks med andre aktørar i bransjen, merkar også Rovde Møbel & Design den globale auken i råvareprisar som ei utfordring.

– Det verste er dei enorme prisstigningane på tre. Laminatet har ikkje hatt den store auken, men på kjerneplater er det snakk om bortimot 100 prosent prisstigning frå 2020, seier Vedeld.

Så langt har ikkje høgare innkjøps- og utsalsprisar gått ut over ordremengda innan skipsmarknaden.

– Men vi er spent på kva det utgjer i den andre marknaden, seier han.

Publisert: 08.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 07.07.2022 22:12

Mer om