Ombyggingsoppdrag til Ulstein
To psv-ar frå konkursråka selskap blir bygd om til redningsfartøy med batteridrift.
Ein avtale mellom danske Esvagt og Ulstein, sikrar arbeid ved verftet i haust.
Då skal Ulstein Verft bygge om dei to PSV-ane Hermit Fighter og Hermit Prosper til redningsskip og Ulstein Power & Control vil sørgje for ombygging til batterihybridframdrift.
Det opplyser Ulstein Group i ei pressemelding.
– Tidspunktet for denne jobben er heilt ideelt for verftet og passar godt inn i kjernestrategien vår om berekraftig vekst. Oppgradering av system er viktige brikker for å gjere verdsflåten grønare, uttalar salssjef Ove Dimmen ved Ulstein Verft i meldinga.
Tidspunktet for denne jobben er heilt ideelt for verftet
Kjem til hausten
Skipa vart opphavleg bygde på Ulstein Verft og kjem no tilbake til byggeverftet for å bli oppgraderte.
- Det blir veldig bra å gjenoppta samarbeidet med Esvagt, kommenterer konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.
Begge skipa er planlagt å vere ved Ulstein Verft i seks veker med start i oktober. Den siste installasjonen og igangkøyring av hybridløysinga vil finne stad våren 2022 i tråd med driftsplanane for skipa.
– Kontrakten er viktig for Ulstein. Vi skal gjere desse skipa klare for eit grønare framdriftsoppsett som inkluderer batteridrift, kommenterer Rolf Ottar Rovde, salssjef i Ulstein Power & Control.
Omfattande arbeid
Arbeidet inkluderer prosjektleiing, innkjøp, ingeniørarbeid, produksjon, kraft- og kontroll-leveransar.
Det vil bli førebudd for ein batteri-konteinar for hybridkraft, metanoltankane skal byggast om til å ha anna innhald, og delar av hovuddekket vil bli omorganisert for å gi plass til ei redningssone. Her kjem det også nye MOB båtar og nye seksjonar som skal bli produserte og installerte på kvar side av skipa.
Forsøkte å selje
Skipa er dei to første i serien PX121-designen frå Ulstein Design & Solutions, og blei levert i 2012.
I fjor forsøker Hermitage Offshore Services å selje alle sine ti PSV-ar, etter at dei søkte komkursbeskyttelse i USA. Skipa som i hovudsak er bygd ved Ulstein, blei i fjor teke over av bankane DNB og SEB.
Fleire av skipa har vore lengre tid i opplag. Hermit Fighter blei det siste som kom ut av opplag, då tok Remøy Shipping tok skipet ut i spotmarknaden i mai.
Saka blir oppdatert
Publisert: 05.08.2021 15:32
Sist oppdatert: 05.08.2021 15:53