Straum
PRISHOPP: Kraftig prishopp på straum på Nordvestlandet, trass store nedbørsmengder. Skjermdump: Statnett
Nytt

Kraftanalytikar: - Det kan bli ein krevjande vinter

Nordvestlandet og Nord-Norge har no høgast straumpris i landet. Kraftanalytikar spår krevjande vinter.

26.11.2021

(NETT NO-NPK): Fredag ettermiddag var spotprisen på elektrisk kraft 119,44 øre kWh i Midt Norge og Nord-Norge. For første gong på fleire månader er prisen høgare i Midt- og Nord Norge enn i resten av landet. på sør- og austlandet er prisen no på 117,13 øre kWh.

I tillegg kjem nettleige og andre avgifter.

Dette viser tal frå Statnett.

Eksporterer straum
Så seint som 11. november var spotprisen for elektrisk kraft på Nordvestlandet på 2,93 øre/kWh på det lavaste. På same tid var spotprisen på sør- og austlandet 89,81 øre/kWh, altså tretti gongar så høg.

No har situasjonen snudd, trass i enorme nedbørsmengder på Nordvestlandet.

Tal frå Statnett viser samstundes at det vart eksportert straum ut av regionen, og ut av landet.

Ny årsrekord
Laurdag er det venta at straumprisen set nok ein årsrekord. Ifølgje tal frå straumbørsen Nord Pool blir straumen dyrast i Midt- og Nord-Norge.

Både Molde, Trondheim og Tromsø får den høgaste straumprisen laurdag, på 1,70 kroner kilowattimen som døgnpris, skriv E24.

I Sør-Noreg vil døgnprisen vere 1,48 kroner kilowattimen.

Krevjande vinter
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi forklarer den kraftige prisoppgangen på Nordvestlandet med at høgtrykk med kaldare vêr og mindre vind har gitt betre balanse i nordområda, som Nordvestlandet høyrer inn under.

- Det er dermed mindre press på nettet sørover, og flaskehalsane i nettet blir borte enn så lenge. Vi får dermed omlag same pris som blant anna i Oslo og Stockholm.

Havåg viser til at den store prisskilnaden kan kome tilbake, spesielt om ein får mildare vêr seinare i desember.

- Men det er usikkert. Det kan fort bli ein spesiell og krevjande vinter, seier han.

Mange er misnøgde
Samstundes viser ei undersøking til at stadig fleire nordmenn ikkje er nøgde med straumleverandørane. Stadig fleire straumkundar sjekkar også eigne vilkår.

Det er Epsi Rating som står bak målinga, som er basert på djupneintervju med nær 2300 personar og bedrifter i løpet av hausten 2021.

– Høge straumprisar og eit stor mediefokus på straumavtale til kraftleverandørane har ført til at straumkundane i langt mindre grad enn før opplever at dei har straumavtalar som er tilpassa deira ynskjer og behov, skriv Epsi Rating i ei pressemelding.

Mange har ikkje visst
I rapporten blir det vist til at straum historisk har vore eit produkt med låg interesse blant forbrukarane, men at prisauken det siste året har endra på dette.

16 prosent av dei spurde i undersøkinga svarte at dei ikkje visste kva straumavtale dei hadde. Dette er ein nedgang frå 24 prosent i fjor og 32 prosent i 2019.

– Studien viser at langt fleire kundar er kjende med kva straumavtale dei har. Dette kjem nok at straumrekningane har vorte merkbart større, noko kundane har kjent direkte på lommeboka, seier Fredrik Høst, dagleg leiar i Epsi Noreg til E24.

Populær Tibber
Nykomaren Tibber toppar lista over dei som kundane i privatmarknaden er mest nøgde med med, med ein skår på 83 poeng frå kundane. Hafslund Strøm kjem sist på denne lista med 56,2 poeng. Snittet for bransjen er på 65,6 poeng.

Også den største straumlevarandøren, Fjordkraft, gjer det dårleg i undersøkinga med 58,9 poeng.

– Dette synest vi naturlegvis på ingen måte er godt nok, og vi er sjølvsagt skuffa over tala. Vi vil sjå på resultata og kva vi kan gjere betre, seier kommunikasjonsdirektør Jeanne K. Tjomsland i Fjordkraft til E24.

Publisert: 26.11.2021 14:37

Sist oppdatert: 26.11.2021 17:08

Mer om