No kan alle soeke om kontantstoette
MANGE STENGTE BUTIKKAR: Varehandelen er mellom dei som har opplevd størst tap i inntektene som følgje av koronapandemien og tiltaka mot smittespreiing. 
Nytt

No kan alle søke om kontantstøtte

Bedrifter med rett på støtta, kan ha pengar på konto i løpet av få dagar.

Marius Rosbach
20.04.2020
Måndag blei portalen der bedrifter kan søke om statleg kontantstøtte, opna for alle type bedrifter. På nettstaden kan ein gå inn og sjekke kva bedrifter som omfatta av ordninga, og kor mykje ein kan rekne med å få utbetalt.
I hovudsak må bedriftene ha hatt eit omsetningsfall på minst 20 prosent i mars, som følgje av koronautbrotet.

880 søkte på tre timar

Allereie laurdag opna portalen for dei som blei pålagt å stenge som følgje av smittevernstiltaka som blei innført av styresmaktene i mars. Etter tre timar hadde 880 bedrifter søkt om støtte, ifølgje NTB.
– Dei fleste søknadene vil bli behandla automatisk. Dermed vil mange av føretaka ha pengane på konto allereie få dagar etter at dei har sendt søknaden, uttalte finansminister Jan Tore Sanner (H) då ordninga blei presentert før helga.

Fire av ti meiner dei vil bli hjelpt

Ifølge ei undersøking mellom NHO sine medlemsbedrifter meiner 38 % at ordninga vil hjelpe dei i stor, eller nokon grad. Det er særleg reiseliv (69 %), service og handel (64 %) og luftfart (60 %) som meiner den treff dei godt.
NHO Service og Handel meiner ordninga vil . Regjeringa jobbar også med.

Les også:



Openheit om kven som søker

Føremålet med ordninga er å unngå unødvendige konkursar og oppseiingar. Regjeringa legg vekt på at løysinga skal vere enkel og effektiv slik at pengane kjem raskt ut.
Det er Skatteetaten som skal forvalte kompensasjonsordninga, og som har ansvar for forsvarleg forvaltning og etterkontroll.
Opplysningar om kva bedrifter som får tilskot og kor mykje pengar dei får, vil bli offentleg tilgjengeleg.

– Ikkje blir sittande åleine

Mange bedrifter har opplyst at dei synest det er vanskeleg å finne fram i støtteordningane.
– Ikkje blir sittande åleine. Dei fleste har ein bank eller eit styre dei kan få hjelp frå. Noko av det viktigaste i denne fasa er å finne nokon ein kan støtte seg til, og få råd om kva som ligg i dei ulike tiltakspakkane, sa banksjef Jan Rune Hurlen for næringsliv i Sparebank1 SMN til .

Publisert: 20.04.2020 10:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56