Skipstunnel
HISTORISK: Store dimensjonar og utfordrande logistikk både i sjøen og på land når verdas første fullskala skipstunnel skal byggjast. No jaktar Kystverket prosjektleiar. Skisse: Kystverket
Nytt

No kan du vere med på å skrive historie

Kystverket søker no etter prosjektleiar for Stad skipstunnel, og lovar spenning.

03.05.2021

"Vi tilbyr ei svært spennande stilling, som gjev moglegheit til å vere med på å skrive eit kapittel i sjøfartsnasjonen Noreg si historie," skriv Kystverket i utlysingsteksten.

Det vert vist til at Kystverket skal bygge verdas aller første fullskala skipstunnel i Stad kommune, eit prestisjeprosjekt som allereie no har stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

2,7 milliardar
Skipstunnelen inneber etablering av ei gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn, og er eit viktig farleisprosjekt for kystgåande skipsfart på vestlandskysten. I tillegg til sjølve tunnelen som vil bli på 1700 meter og med eit tverrsnitt på 1660m², inneheld prosjektet også entring- og leiekonstruksjonar, omlegging av kommunal- og fylkesveg, nye tilkomstvegar, utdjupingar og navigasjonsinstallasjonar.

Prosjektet har ei styringsramme på om lag 2,7 mrd. kroner, og ein prosjektperiode på om lag fem år.

"Til å leie prosjektet er vi på jakt etter ein framoverlent, løysingsorientert, fagleg sterk og strukturert prosjektleiar", skriv Kystverket.

Søknadsfristen er 24. mai, og den som får denne prestisjestillinga vil få arbeidsstad Ålesund, men under prosjektperioden vil kontorstad i utgangspunktet vere på prosjektkontor ved anlegget.

Rådgivingsgruppe
Frå før er det etablert eit rådgivende prosjektstyre for bygging av Stad skipstunnel.

Styret blir leia av kystdirektør Einar Vik Arset frå Ulsteinvik.

Med seg i gruppa har han blant anna prosjektleiaren for Nordøyvegen, Marianne Nærø og mangeårig Mowi-topp Alf-Helge Aarskog.

Publisert: 03.05.2021 20:53

Sist oppdatert: 03.05.2021 21:16

Mer om