Stad skipstunnel moldefjorden illustrasjon kystverket 11
KAN STÅ KLAR I 2025: Om alt går etter planen kan Stad skipstunnel stå klar i 2025, etter tre-fire års byggetid. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta
Nytt

Internasjonal merksemd om skipstunnelen

CNN, arkitektur- og reiselivsnettstader er mellom dei som har omtalt Stad skipstunnel dei siste dagane.

Marius Rosbach
23.03.2021

Etter at det førre veke blei klart at Stad skipstunnel blir bygd, er prosjektet omtala ein rekke stader internasjonalt.

CNN publiserte måndag ei sak under «Travel»-seksjonen der dei omtalar «ingeniør-underverket» som regjeringa har sett av 3,4 milliardar for å bygge dei neste åra.

Prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket fortel at CNN-journalisten som ringte var basert i London, og ville vite kva som hadde skjedd med prosjektet sidan CNN omtala det sist i 2017.

– Han spurde om den vidare utviklinga i prosjektet og litt om oppstart og ferdigstilling, fortel Andreassen til NETT NO.

(saka held fram under)

Stad skipstunnel utsiktspunkt illustrasjon kystverket snøhetta 11
ATTRAKSJON: Fleire trur at Stad skipstunnel vil bli ein attraksjon og trekke til seg besøkande frå store delar av verda. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Reiseliv, maritimt nytt og arkitektur
Prosjektleiaren fortel at han ikkje akkurat har vorte nedringt, men han har merka seg ei viss interesse etter at saka blei sendt til Stortinget med milliardløyving.

Eit google-søk viser at skipstunnelen i løpet av dei siste dagane er omtalt av ein rekke nyheitsstader. Flest omtaler er frå maritime nettstader, men også fleire reiselivssider og arkitektursider har omtala samferdsleprosjektet.

Det er arkitektane i Snøhetta som har teikna skipstunnelen, som blir den første fullskala skipstunnelen i verda. Om alt går etter planen, blir tunnelen opna i 2025.

Skipstunnelen har vore gjennom kring 20 utgreiingar i fleire tiår, før saka no er kome til Stortinget, der det er venta at eit breitt fleirtal vil gi grønt lys for bygging.

Vi har sendt ut tilbod og er i forhandlingsfase med fleire
Terje Andreassen

Er i forhandlingar om grunnerverv
Prosjektleiar Terje Andreassen har tidlegare fortald at dei i løpet av året håpar å kunne velje entreprenørar som skal vere med i konkurransen.

– Det er iallfall planen, sjølv om vi kan ikkje kan seie no om vi kjem i mål. Vi startar med prekvalifisering, fortel Andreassen.

Dei første anbodspapira vil bli sendt ut i april.

– Samtidig går grunnerveringa sin gong. Vi har sendt ut tilbod og er i forhandlingsfase med fleire, legg han til.

Rekna som tapsprosjekt
Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.

Bygginga er tidlegare anslått å koste 2,8 mrd. , men etter den siste kvalitetssikringa, er det sett av ei kostnadsramme på knappe 3,3 mrd. Prosjektet er rekna å vere eit tapsprosjekt med ei negativ samfunnsøkonomiske nytte på 2,35 mrd, ifølgje stortingsproposisjonen (ekstern lenke).

I det reknestykket er det vel å merke ikkje rekna med effektar av auka reiseliv. Samtidig er det nøkterne anslag for miljøeffektar og kostnadar av spart tidsbruk og drivstoff.

Publisert: 23.03.2021 12:01

Sist oppdatert: 23.03.2021 12:41

Mer om