Ann Kristin Farstad Joker Lepsøya
LEPSØYA: Ann-Kristin Farstad rosar innbyggjarane på Lepsøya for å støtte opp om butikken, men har ikkje merka auka handel etter at Lepsøybrua kom. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ventar ikkje handelsopptur av Nordøyvegen

Lepsøy Handel hadde sine beste år under pandemien - og før brua kom.

05.07.2022

- Nei, så langt har vi ikkje merka auka handel etter at første delen av Nordøyvegen opna. Det hadde eg heller ikkje venta.

Det seier dagleg leiar Ann-Kristin Farstad ved Joker-butikken på Lepsøya.

Derimot hadde butikken gode år under pandemien.

- Ja, det var to gode år for oss.

I 2021 omsette butikken for 11,3 millionar kroner, 0,3 millionar mindre enn rekordåret 2020.

Resultatet før skatt enda på 0,6 millionar kroner, mot 0,8 millionar året før.

Lepsøy Handel
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 11,3 11,6
Driftsresultat 0,6 0,8
Resultat før skatt 0,6 0,8

God støtte frå bygda
Butikken på Kjerstad er no den einaste på Lepsøya, og handelshuset går over 100 år tilbake i tid, og vart starta av oldefaren til Ann-Kristin Kjerstad. Ho er dermed fjerde generasjon som driv familieselskapet, som no er ein del av Joker-kjeda.

Faren, Odd Asle Kjerstad, har vore aktiv til det siste, sjølv om han nærmar seg 90 år. Han tok over drifta etter etter sin far som 20-åring.

Ann-Kristin Kjerstad rosar folket på Lepsøya for å støtte opp om butikken.

- Ja, det har dei alltid gjort. Her er svært godt samhald på øya.

Nordøyvegen
LEPSØYBRUA: Fram til 5. september er det gratis å køyre over Lepsøyabrua og dei andre delen av Nordøyvegen. Etterpå kostar det 217 kroner for ein personbil, eller 175 kroner med autopass-avtale. Foto: Kjetil Haanes

Fakta om Nordøyvegen

Nordøyvegen er eit 37 kilometer langt vegprosjekt som vil gi fastlandssamband for rundt 2.700 innbyggjarar på Lepsøya, Haramsøya, Skuleøya/Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya.

Prosjektet omfattar fire fjordkryssingar og delvis opprusting/omlegging av eksisterande veganlegg. Det inneber tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel og tre bruer. Den lengste undersjøiske tunnelen er Nogvafjordtunnel, som er 5.730 meter lang.

Bygginga vart starta i mars 2019. Første del av vegsambandet mellom Skjelten-Lepsøya-Austnes vart opna 18. desember 2021, og siste del mellom Flemsøya/Skuløya-Fjørtofta skal opne 27. august 2022.

Prosjektet er kalkulert til vel 5,5 milliardar kroner. 676 millionar kroner skal hentast inn gjennom bompengar.

Prosjektet omfattar:

  • Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
  • Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
  • Ny veg over Fjørtofta.

Høge bompengar
Derimot har ikkje Farstad tru på at meir turisme og annan aktivitet som følgjer med Nordøyvegen vil gi særleg auka handel.

- Nei, men vi er usikre. No er det gratis å køyre, og då er det også lett å reise inn på fastlandet og handle på dei større butikkane.

- Det vert spennande å skje kva som skjer når folk må betale bompengar. Med ein bompengesats på 175 kroner, vert det dyrt om ein skal til fastlandet berre for å handle.

Ann-Kristin Farstad eig 46,2 prosent av selskapet, medan Odd Asle Farstad eig resten.

Selskapet har null i langsiktig gjeld, og har ein samla eigenkapital på 3,6 millionar.

Publisert: 05.07.2022 12:28

Sist oppdatert: 05.07.2022 12:41

Mer om