Sa nei til Fiskebåt-krav i oktober i fjor.
No kan Nord Fiskarlag snu. Det kan opne for at Fiskebåt - som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten - ikkje går ut av Norges Fiskarlag likevel.
Artikkelen blir oppdatert
Det er avisa Kyst og Fjord som fortel kva styret i Nord Fiskarlag har bestemt seg for på styremøtet som starta klokka 12.00 i dag.
Tidlegare denne veka har landsstyret i Norges Fiskarlag gjort eit vedtak med mål om å halde organisasjonen samla, og unngå at Fiskebåt vedtek å melde seg ut på sitt årsmøte 11. februar i år.
Eitt av punkta er at representasjonen i Norges Fiskarlag sin styrande organ skal vere likt fordelt mellom dei tre medlemslaga, Fiskebåt, Sør-Norges Fiskarlag og Nord Fiskarlag. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar enn dei to andre.
Eit anna er at Norges Fiskarlag vil ha stabilitet i korleis fiskekvotane er fordel mellom ulike fartøygrupper. Skal Norges Fiskarlag endre syn i det spørsmålet må det kvalifisert fleirtal til.
Begge punkta samsvarar med Fiskebåt sine krav for å blir verande i Norges Fiskarlag.
Sør-Norges Fiskarlag har støtta framlegget frå landsstyret i Norges Fiskarlag. No opnar Nord Fiskarlag for at også det laget kan støtte framlegget.
På årsmøtet sitt i oktober i fjor sa Nord Fiskarlag nei til Fiskebåt sine krav.
Fiskebåt har årsmøte 11. februar, veka etter det ekstraordinære årsmøte i Nord Fiskarlag. Der er spørsmålet om Fiskebåt skal melde seg ut av Norges Fiskarlag ei av dei sentrale sakene.
Les også
No har alle regionlaga i Fiskebåt vedtatt at organisasjonen bør melde seg ut av Norges Fiskarlag.
Vil ikkje gi får seg den makta Fiskebåt vil ha for å bli verande i Norges Fiskarlag.
Publisert: 17.01.2025 16:39
Sist oppdatert: 17.01.2025 16:59