Tor W Havåg tussa innfelt kart norlink foto kjetil 11
KRAFT: I berre 17 prosent av tida i 2021 gjekk kraftflyten mot Norge gjennom kraftkabelen Nordlink. Kraftanalytikar Tor W. Havåg viser til at kablane i visse periodar også kan gi lågare prisar. Foto/Skisse: Kjetil Haanes/Nordlink
Nytt

Berre i 17 prosent av tida gjekk straumen nordover

Nordlink-kabelen til Tyskland er ei av årsakene til at straumprisen i sør-Norge er så høg.

27.01.2022

Nordlink-kabelen til Tyskland vart sett i drift på tampen av 2020. No har nettstaden Europower-energi.no analysert korlsis denne straumkabelen mellom Norge og Tyskland har slått inn i den norske kraftmarknaden i 2021.

Konklusjonen er at kabelen har gitt oppang i kraftprisane i sør-Norge, og klart meir enn forventa.

Kabelen vart i utgangspunktet vedtatt som ein utvekslingskabel, der straumflyten skulle gå nordover i periodar med mykje billeg vindkraft.

No viser det seg at i 2021 var det lite import. Berre i 17 prosent av tida gjekk straumflyten frå Tyskland til Norge.

Skal redusere nett-tariffane
I ein rapport frå kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi at Statnett er pålagd å nytte inntektene frå denne kraftkabelen til å redusere nett-tariffane i Norge.

Han viser også til at med kabelen i drift kan kraftprodusentane i sør-Norge halde kraft attende i magasina på dagar med låge prisar, ettersom dei veit at meir kan produserast seinare når prisen er høgare.

- Dette bidreg til å halde oppe prisen i sør-Norge. På andre sida er det og slik at vi i normalår har eit stort kraftoverskot i Norden. Dette bidreg til å halde prisane nede.

- Bidreg til overskotsproduksjon
Havåg meiner at investorane hadde ikkje satsa i Norden om ikkje dei viste at kablane kunne sende mykje av overskotet sørover.

- Slik sett bidreg kablane og til stor overskotsproduksjon, og lågare prisar, skriv Havåg.

Spotprisen på Nordvestlandet var sist veke på 15,5 øre kWh, ned frå 24,4 øre veka før.

Kraftig prishopp torsdag
Elspotprisen har gått kraftig opp torsdag formiddag. Etter å ha lege på rundt 15 øre kWh natt til torsdag, er elspotprisen no oppe i 67 øre kWh.

I Sør-Norge er prisen endå høgare, og ligg no på rundt 140 øre kWh.

I tillegg til spotprisen kjem nettleige og avgifter.

Sør-Sverige og Danmark har same prisen som Nordvestlandet og vidare nordover.

Slik sett bidreg kablane og til stor overproduksjon, og lågare prisar
Tor W. Havåg

Få ber om hjelp
Sjølv om straumrekninga kan auke med 900 kroner i månaden i snitt, har mindre enn 1 prosent av kundane til storleverandørane bede om hjelp, skriv NPK/NTB.

Hos Noregsenergi, ein av dei største leverandørane i landet, bad 0,7 prosent av kundane om utsetjing eller oppdeling av betaling dei tre første vekene i år, skriv Aftenposten. Sjølv om andelen er svært låg, er det ein stor auke frå året før.

– Dette er dobbelt så mange som i same periode i fjor, og rundt 50 prosent fleire enn i 2020 og 2019, seier marknads- og kommunikasjonssjefen i selskapet Geir Arne Gundersen til avisa.

Staten dekker litt
Hos Fortum har mindre enn 1 prosent av kundane sidan desember inngått avtale å utsetje rekninga. Det var likevel dobbelt så mange slike avtalar i desember samanlikna med desember 2018.

Fjordkraft opplyser til Aftenposten at det er cirka like mange førespurnader via telefon og e-post om betalingsutsetjing som vanleg. Men talet på dei som tek kontakt via sjølvbeteningstenestene på nett, har auka betrakteleg. To til tre gonger så mange som vanleg har nytta desse funksjonane, samanlikna med eit vanleg år.

For å handtere dei auka straumprisane dekkjer staten 55 prosent av kostnadene over 70 øre per kilowattime for desember, og 80 prosent i januar, februar og mars.

Publisert: 27.01.2022 08:34

Sist oppdatert: 27.01.2022 10:11

Mer om