(NPK- Andrea Øien Sæverud): .Investeringane i fornybar kraft i Noreg sakkar akterut. I nabolandet vårt strøymer derimot pengane inn til utbygging av grøn elektrisitet. Grunnen er at dei svenske rammevilkåra for investering i kraftutbygging er gunstigare enn dei norske. Samtidig blir svenskane subsidierte direkte frå lommebøkene til norske forbrukarar.
– Problemet er at norske forbrukarar betaler for investeringane og arbeidsplassane som svenskane nyt godt av, seier Magne Fauli i Energi Norge, interesseorganisasjonen til kraftnæringa.
Det skjer gjennom den felles norsk-svenske støtteordninga for fornybar straum, som blir kalla el-sertifikat eller grøne sertifikat. Ordninga er finansiert av straumkundane, gjennom at alle norske og svenske kraftleverandørar legg ein el-sertifikatkostnad inn i straumprisen.
– Vi forstår at politikarane ikkje rår over alle konkurranseulemper vi har i Noreg som til dømes høge lønningar, men skatteordningane kan dei endre dersom dei ønskjer meir fornybar kraft i Noreg. Grøne avskrivingar, der utbyggjarane får eit ekstra skattefrådrag dei fire første åra, er eit enkelt grep for å kompensere for dei skattefordelane svenskane har, seier Fauli.
Han meiner det blir spennande å sjå om politikarane som no er i posisjon, held på det synet dei hadde før dei kom i regjering.
I Sundvollen-plattforma varsla Solberg-regjeringa at dei vil vurdere tilpassingar i ordninga med el-sertifikat. Men politikarane må få ut fingeren før det er for seint, understrekar Fauli.
– Viss dei ventar i 1– 2 år til med å gjere noko, vil det ikkje lenger vere vits. Då vil svenskane ha lagt beslag på det aller meste av investeringane slik dagens system er lagt opp med avvikling av elsertifikat i år 2020.
– Familiar tok opp millionar i lån for å byggje ut, men må no drive med tap og har botnlaus gjeld. Fleire har mista gard og grunn. For dei som ikkje kom med i ordninga, var det tidenes grovaste løftebrot, seier styreleiar i Småkraftverkforeninga Bjørn Lauritzen.
– Småkraftverka blei løfta fram som ei næring for distrikta. Mange har tent godt på kraftutbygging tidlegare, men det som skulle vere ei distriktsløysing har no blitt eit distriktsproblem, seier Lauritzen.
Saman med Energi Norge og vindmølleutbyggjaren Norwea håpar han å leggje eit grønt press på politikarane.
– Vi er i same båt som resten av fornybarnæringa og ønskjer oss betre rammevilkår, seier Lauritzen i Småkraftforeninga.
– Ofte er det ikkje dei mest samfunnsøkonomiske lønsame prosjekta som blir bygde ut. Vi har trass alt meir vind i Noreg enn dei har i Sverige, så totalt sett blir dei svenske utbyggingane dyrare om vi ser bort frå skatten, seier Fauli i Energi Norge.
Magne Fauli er samd med Småkraftforeninga i at det er Distrikts-Noreg som i stor grad får lide for manglande tilrettelegging for grøn energi.
– Dei norske rammevilkåra er ikkje konkurransedyktige, trass i at vi har ein konkurransedyktig natur. Dette er ikkje arbeidsplassar som vil hamne på Majorstua. Det er ute i distrikta dei går glipp av utviklinga.
– Problemet er at norske forbrukarar betaler for investeringane og arbeidsplassane som svenskane nyt godt av, seier Magne Fauli i Energi Norge, interesseorganisasjonen til kraftnæringa.
Det skjer gjennom den felles norsk-svenske støtteordninga for fornybar straum, som blir kalla el-sertifikat eller grøne sertifikat. Ordninga er finansiert av straumkundane, gjennom at alle norske og svenske kraftleverandørar legg ein el-sertifikatkostnad inn i straumprisen.
Politikarane må på bana
El-sertifikatordninga skal i år evaluerast, og Energi Norge håpar det kan sette ein stoppar for at norske straumkundar finansierer svenske vindmøller. Saman med Småkraftverkforeninga og vindkraftutbyggaren Norwea ber dei no norske styresmakter om å leggje til rette for meir utbygging i Noreg.– Vi forstår at politikarane ikkje rår over alle konkurranseulemper vi har i Noreg som til dømes høge lønningar, men skatteordningane kan dei endre dersom dei ønskjer meir fornybar kraft i Noreg. Grøne avskrivingar, der utbyggjarane får eit ekstra skattefrådrag dei fire første åra, er eit enkelt grep for å kompensere for dei skattefordelane svenskane har, seier Fauli.
Han meiner det blir spennande å sjå om politikarane som no er i posisjon, held på det synet dei hadde før dei kom i regjering.
I Sundvollen-plattforma varsla Solberg-regjeringa at dei vil vurdere tilpassingar i ordninga med el-sertifikat. Men politikarane må få ut fingeren før det er for seint, understrekar Fauli.
– Viss dei ventar i 1– 2 år til med å gjere noko, vil det ikkje lenger vere vits. Då vil svenskane ha lagt beslag på det aller meste av investeringane slik dagens system er lagt opp med avvikling av elsertifikat i år 2020.
Småkraftverk med svarteper
Ordninga med el-sertifikat har vore omdiskutert, og av fleire kalla eit mislykka prosjekt. Enkelte av dei som verkeleg hadde trua på ordninga, sit no igjen med svarteper. 170 småkraftverk fall nemleg utanfor då ordninga vart innført i 2012.– Familiar tok opp millionar i lån for å byggje ut, men må no drive med tap og har botnlaus gjeld. Fleire har mista gard og grunn. For dei som ikkje kom med i ordninga, var det tidenes grovaste løftebrot, seier styreleiar i Småkraftverkforeninga Bjørn Lauritzen.
– Småkraftverka blei løfta fram som ei næring for distrikta. Mange har tent godt på kraftutbygging tidlegare, men det som skulle vere ei distriktsløysing har no blitt eit distriktsproblem, seier Lauritzen.
Saman med Energi Norge og vindmølleutbyggjaren Norwea håpar han å leggje eit grønt press på politikarane.
– Vi er i same båt som resten av fornybarnæringa og ønskjer oss betre rammevilkår, seier Lauritzen i Småkraftforeninga.
Vinden på vår side
Men norsk fornybarnæring heng kraftig etter. Svenskane produserer no seks gonger så mykje straum som oss innanfor el-sertifikatordninga, og meir er undervegs.– Ofte er det ikkje dei mest samfunnsøkonomiske lønsame prosjekta som blir bygde ut. Vi har trass alt meir vind i Noreg enn dei har i Sverige, så totalt sett blir dei svenske utbyggingane dyrare om vi ser bort frå skatten, seier Fauli i Energi Norge.
Magne Fauli er samd med Småkraftforeninga i at det er Distrikts-Noreg som i stor grad får lide for manglande tilrettelegging for grøn energi.
– Dei norske rammevilkåra er ikkje konkurransedyktige, trass i at vi har ein konkurransedyktig natur. Dette er ikkje arbeidsplassar som vil hamne på Majorstua. Det er ute i distrikta dei går glipp av utviklinga.
Problemet er at norske forbrukarar betaler for investeringane og arbeidsplassane som svenskane nyt godt av
Publisert: 14.05.2014 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33