NPK-NTB/NETT NO: Det er EUs såkalla IPCEI for hydrogen Noreg no sluttar seg til.
IPCEI er ei forkorting for «viktige prosjekt av felles europeisk interesse». Initiativet skal sikre at statsstøtte blir slusa til prosjekt som kan setje europeisk industri i førarsetet globalt.
– Hydrogen blir viktig for å nå klimamåla våre. Noreg har gode føresetnader for å utvikle og ta i bruk teknologien, men vi treng ikkje å gjere alt åleine, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.
I den nye IPCEI-en for hydrogen skal Noreg delta saman med land som Tyskland og Danmark. Målet er å støtte utvikling av innovativ hydrogenteknologi.
Prosjekta vil vere unnatekne for vanlege reglar for statsstøtte. Dei må notifiserast særskilt til EØS-tilsynet Esa.
Enova får hovudansvar for å forvalte den norske deltakinga.
Pengepotten skal gå til ei målretta satsing på ny infrastruktur og utvikling av eigne knutepunkt for hydrogen i Noreg, fortel olje- og energiministeren.
– I juni lanserte vi den første hydrogen-strategien for Noreg og løyvde samstundes 120 millionar kronar til innovasjonsprosjekt innanfor hydrogen. I statsbudsjettet har vi òg sett av 100 millionar til meir målretta tiltak, sa statsministeren Erna Solberg under opninga av ei møte med næringlivrepresentantar om regjeringan si hydrogensatsing.
– Dei estimerer kostnadane for å bygge ut infrastrukturen i Norge til kring fem milliardar. Då vil du til dømes ha hydrogen tilgjengeleg på alle de viktigaste sambanda langs kysten, seier han til NETT NO.
Inkludert i ei utbygging som DNV-GL har skissert, er 40 fyllestasjonar og 20 produksjonsanlegg, som dagleg kan produsere 130 tonn. Det vil dekke behovet til kring 4000 tyngre køyretøy.
IPCEI er ei forkorting for «viktige prosjekt av felles europeisk interesse». Initiativet skal sikre at statsstøtte blir slusa til prosjekt som kan setje europeisk industri i førarsetet globalt.
– Hydrogen blir viktig for å nå klimamåla våre. Noreg har gode føresetnader for å utvikle og ta i bruk teknologien, men vi treng ikkje å gjere alt åleine, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.
Fleire subsidieprogram
EU-kommisjonen har karakterisert IPCEI som eit kraftfullt verktøy i klimapolitikken. Frå før er det lansert to IPCEI-ar for batteriteknologi.I den nye IPCEI-en for hydrogen skal Noreg delta saman med land som Tyskland og Danmark. Målet er å støtte utvikling av innovativ hydrogenteknologi.
Prosjekta vil vere unnatekne for vanlege reglar for statsstøtte. Dei må notifiserast særskilt til EØS-tilsynet Esa.
Enova får hovudansvar for å forvalte den norske deltakinga.
100 millionar
100 millionar kroner i statsbudsjettet er sett av til hydrogenprosjekt i Noreg.Pengepotten skal gå til ei målretta satsing på ny infrastruktur og utvikling av eigne knutepunkt for hydrogen i Noreg, fortel olje- og energiministeren.
– I juni lanserte vi den første hydrogen-strategien for Noreg og løyvde samstundes 120 millionar kronar til innovasjonsprosjekt innanfor hydrogen. I statsbudsjettet har vi òg sett av 100 millionar til meir målretta tiltak, sa statsministeren Erna Solberg under opninga av ei møte med næringlivrepresentantar om regjeringan si hydrogensatsing.
Fem milliardar
Då styreleiar Knut Flakk i Hexagon Composites snakka under Zerokonferansen i november fortalde han at Hexagon og partnarar hadde engasjert DNV-GL for å finne ut kor mykje det kan koste å bygge ut det ein treng som eit minimum av infrastruktur for at hydrogen skal bli tatt i brukt i bilar og båtar i Noreg,– Dei estimerer kostnadane for å bygge ut infrastrukturen i Norge til kring fem milliardar. Då vil du til dømes ha hydrogen tilgjengeleg på alle de viktigaste sambanda langs kysten, seier han til NETT NO.
Inkludert i ei utbygging som DNV-GL har skissert, er 40 fyllestasjonar og 20 produksjonsanlegg, som dagleg kan produsere 130 tonn. Det vil dekke behovet til kring 4000 tyngre køyretøy.
Publisert: 09.12.2020 09:10
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:26