(NPK-NTB-Mette Estep): Allereie ved årsskiftet hadde ni av ti turoperatørar som tilbyr reiser i Noreg fått fleire bestillingar enn eit år tidlegare.
Også overnattingsbedriftene opplevde eit større trykk enn på same tidspunkt året før. Fem månader seinare stadfestar fagsjef for reiseliv Robert Hval Straumann i Virke at optimismen framleis er stor:
– Våre medlemmer ventar ein travel sommar. Utanlandske turistar bestiller ferien til Noreg mykje tidlegare enn det nordmenn gjer, så ved årsskiftet hadde reiselivsbransjen godt grunnlag for å seie at pilene vil peike opp i 2015, seier han til NTB.
Oppgangen i 2014 vart også tilskriven Disney-filmen Frost, med sine noregsinspirerte element:
– Frost-effekten er nok der enno. Men eg trur også ryktet om Noreg som eit land for kvalitetsferie spreier seg, særleg i det veksande middelklassesegmentet i land som Kina. Dei har no råd til å reise hit, og valutaeffekten forsterkar dette, seier Straumann.
Funna samsvarer med Turistbarometeret til Innovasjon Noreg som for to veker sidan melde at både norsk og utanlandsk reiselivsnæring trur på ein god norsk turistsommar.
Heile 84 prosent oppgir der at dei trur sesongen i år blir endå betre enn i fjor, trass i at 2014-rekneskapen enda med ein auke frå utlandet på 10 prosent og 6 prosent fleire norske kommersielle gjestedøgn.
Ei fersk undersøking frå Hanen, gjeve att i Horeca-nytt, stadfestar at forventningane til sommaren er store. Heile 90 prosent av dei spurde bygdeturisme- og gardsmattilbydarar trur at sommaren 2015 blir som i 2014 eller betre.
Oppsvinget dei siste åra har truleg bidrege til at tre av fire av distriktsbedrifter er generelt ganske eller svært optimistiske når det gjeld framtida for deira eiga verksemd, medan ein av fire svarar at optimismenivået er «midt på treet»
Også overnattingsbedriftene opplevde eit større trykk enn på same tidspunkt året før. Fem månader seinare stadfestar fagsjef for reiseliv Robert Hval Straumann i Virke at optimismen framleis er stor:
– Våre medlemmer ventar ein travel sommar. Utanlandske turistar bestiller ferien til Noreg mykje tidlegare enn det nordmenn gjer, så ved årsskiftet hadde reiselivsbransjen godt grunnlag for å seie at pilene vil peike opp i 2015, seier han til NTB.
Kronekurs bidreg
Også i fjor hadde norsk reiseliv ein auke. Ei svakare norsk krone har bidrege til at Noreg blir billegare for mange utanfrå.Oppgangen i 2014 vart også tilskriven Disney-filmen Frost, med sine noregsinspirerte element:
– Frost-effekten er nok der enno. Men eg trur også ryktet om Noreg som eit land for kvalitetsferie spreier seg, særleg i det veksande middelklassesegmentet i land som Kina. Dei har no råd til å reise hit, og valutaeffekten forsterkar dette, seier Straumann.
Funna samsvarer med Turistbarometeret til Innovasjon Noreg som for to veker sidan melde at både norsk og utanlandsk reiselivsnæring trur på ein god norsk turistsommar.
Heile 84 prosent oppgir der at dei trur sesongen i år blir endå betre enn i fjor, trass i at 2014-rekneskapen enda med ein auke frå utlandet på 10 prosent og 6 prosent fleire norske kommersielle gjestedøgn.
Distriktsauke
Straumann seier at optimismen ved årsskiftet var størst i distrikta, noko som blir underbygt av bestillingstala for reiser og overnattingar.Ei fersk undersøking frå Hanen, gjeve att i Horeca-nytt, stadfestar at forventningane til sommaren er store. Heile 90 prosent av dei spurde bygdeturisme- og gardsmattilbydarar trur at sommaren 2015 blir som i 2014 eller betre.
Oppsvinget dei siste åra har truleg bidrege til at tre av fire av distriktsbedrifter er generelt ganske eller svært optimistiske når det gjeld framtida for deira eiga verksemd, medan ein av fire svarar at optimismenivået er «midt på treet»
Våre medlemmer ventar ein travel sommar
Publisert: 23.06.2015 12:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44