Får støtte til hydrogendrivne nullutsleppsskip
Esa-tilsynet, ESA har i dag godkjend 219 millionar kroner i statsstøtte til kjøp av to hydrogendrivne skip med null klimagassutslepp.
Topeka Nattruten-prosjektet blir leidd av det maritime selskapet Wilhelmsen.
Det er ENOVA som deler ut støtta til prosjektet, og fordi prosjektet overstig maksbeløpet per enkeltprosjekt, må støtta godkjennast av ESA.
Dei to Topeka-fartøya skal setjast i drift langs Noregs vestkyst i 2024 og skal transportere gods og flytande hydrogen (LH2) som blir brukt til drivstoff. Fartøya blir drivne av ein kombinasjon av eit 1000 kWh batteri og spesialiserte hydrogenbrenselceller, som gjer at fartøyet ikkje slepp ut klimagassar.
Det er fleire miljøgevinstar knytt til prosjektet. Fartøya skal transportere gods utan å sleppe ut CO2, og dermed bidra til avkarboniseringa av maritim sektor. Samtidig vil utslepp frå vegtrafikk reduserast, sidan fartøya overtek last frå lastebilar.
Publisert: 30.11.2021 11:17
Sist oppdatert: 30.11.2021 11:20