Jugendfest momentium foto alexander bjørnøy
OPPSVING: Kulturbransjen var blant dei som fekk eit oppsving i juli. Biltet er frå ein tidlegare Jugendfest-konsert i Ålesund. Arkivfoto: Alexander Bjørnøy/Momentium
Nytt

Norsk økonomi hentar seg ytterlegare inn

Fleire koronaramma næringar i vekst, men er langt under nivået frå før pandemien.

09.09.2021

NPK-NTB: Fastlands-BNP låg i juli 0,5 prosent over nivået i februar 2020, den siste månaden før koronapandemien stengde ned Noreg, skriv Statistisk sentralbyrå.

Nedgang i varehandelen og forretningsmessig tenesteyting dempa den samla veksten.

– Varehandelen auka kraftig i mai, men fall litt tilbake i juli. Likevel er nivået høgt, seier seniorrådgivar Achraf Bougroug.

Nedgang for reiselivet
For forretningsmessig tenesteyting kjem av nedgangen i stor grad reisebyrå- og reisearrangørverksemda.

– Sett bort frå desse næringane var veksten i juli sterk og på linje med dei førre månadene, seier Bougroug.

Fleire næringar som har vorte hardt ramma av koronasituasjonen, voks i juli. Det gjeld blant anna overnattings- og serveringsverksemd, kultur, underhaldning og anna tenesteyting, og transport utanom utanriks sjøfart.

Saman med forretningsmessig tenesteyting ligg desse næringane likevel langt unna nivåa for februar 2020.

Kraftig oppgang for overnattingsstader
– Juli er ein feriemånad og for nokre næringar inneber det lågare aktivitet, medan det er høgsesong for andre. Dermed er det større uvisse rundt den underliggjande veksten enn det er elles i året, seier Bougroug.

Overnattings- og serveringsverksemda voks kraftig i juli, i overkant av 20 prosent, og bidrog mest til den samla veksten i juli. Også kultur, underhaldning og anna tenesteyting bidrog til å trekkje opp BNP.

Bruttoproduktet i varehandelen fall meir enn 3 prosent i juli, etter ein svak nedgang månaden før. Likevel var nivået høgare enn før pandemien.

Industrien voks 0,3 prosent i juli, der produksjon av farmasøytiske råvarer og preparat trekte utviklinga mest opp, saman med trelast- og trevareindustrien.

Utvinning av olje og gass voks i overkant av 2 prosent. Samla BNP for Noreg, inkludert olje- og gassutvinning, røyrtransport og utanriks sjøfart, auka dermed 0,7 prosent, målt i faste prisar.

Frisknar til
NHO si medlemsundersøking
- som også er offentleggjort i dag - viser at norsk næringsliv framleis ikkje er «friskmeldt», men i ferd med å friskne til etter koronakrisa.

Signala frå bedriftene er at dette òg blir omsett i auka etterspurnad etter arbeidskraft, noko utviklinga i arbeidsløysa og talet på ledige stillingar òg stadfestar, skriv NHO i ei pressemelding.

Av dei 2.725 bedriftene som har svart på NHOs medlemsundersøking, er det berre 11 prosent som rekna situasjonen som dårleg. 42 prosent meiner han er god, medan 47 reknar situasjonen som tilfredsstillande.

I april var det nesten like mange bedrifter som vurderte situasjonen som god, som rekna den som dårleg.

Konkursfrykta minkar
Sjølv om 10 prosent av medlemsbedriftene svarer at dei har betalingsvanskar, og 7 prosent fryktar konkurs, er tala dei lågaste sidan NHO starta å spørje om dette då koronautbrotet starta for snart halvtanna år sidan.

Også delen bedrifter som har lågare omsetning enn anteke normalnivå, fell – frå 30 prosent i august til 26 prosent i september. Berre 3 prosent av bedriftene har meir enn halvert omsetning samanlikna med ein anteken normal.

– Sjølv om norsk næringsliv framleis ikkje er «friskmeldt» etter koronakrisa, held betringa fram ganske heilhjarta, skriv sjeføkonom Øystein Dørum i NHO om undersøkinga.

Trass i betring, oppgir 30 prosent av bedriftene at dei har eller vil auke prisane meir enn den generelle prisveksten. Delen ja-svar er klart høgast innan industri og bygg og anlegg.

Publisert: 09.09.2021 11:00

Sist oppdatert: 09.09.2021 13:54

Mer om