Norske verft har vunne terreng
MEIR I NOREG: Tyrkiske verft er framleis populære hos norske fiskebåtreiarar, men andelen oppdrag som har hamna hos norske verft har auka dei siste åra. Biletet er frå Cemre-verftet i Tyrkia.
Nytt

Norske verft har vunne terreng

Dei to siste åra har norske fiskebåtreiarar blitt ivrigare til å bygge i Noreg.

11.02.2020
I åra 2015-2017 gjekk to av tre oppdrag med å bygge større norske fiskebåtar til utanlandske verft.
Frå 2018 til i dag er fordelinga nesten 50/50. Det viser ein oversikt Oddgeir Refvik har utarbeidd for NETT NO. Oversikta omfatta over fiskefarty over 15 metes lengde som er leverte, er under bygging eller i ordre - sidan 1. januar 2018 og fram til i dag. Refvik er mellom anna samarbeidspartnar for Maritimt Magasin, som publiserer oversikter over ordresituasjonen ved norske verft, og dagleg leiar i Norsk Skipsfarts Forum.
I alt det det snakk om 61 farty, 28 av dei bygd, underbygging eller bestilt ved norske verft i perioden.
Då Refvik gjorde eit tilsvarande oppteljing for åra 2015-2017, og starten på 2018, var fordelinga 12 fiskefarty til norske verft og 25 i utlandet.

Politisk val

Då Nergård-sjef Tommy Torvanger vitja ein sjømatkonferanse i Ålesund i januar nytta han høvet til å fortelje at fiskerikonsernet i løpet av kort tid ville offentleggjere ein nybyggingskontrakt for nok eit fiskefarty.
Nergård har ein trålar til rundt 400 millionar kroner under bygging hos Vard, og selskapet reknar med at prislappen på den neste blir omlag 500 millionar.

Torvanger ville ikkje opplyse kven som skal byggje den nye båten, men var klar på at det blir et norsk verft. Ein av grunnane er politisk. Det handlar om å bygge godvilje.
- Det er viktig å vise kva verdiar vi skaper, seier Torvanger.

Kjempar mot kvotebank

I dag samlast eigarane av dei havgåande fiskebåtane seg til årsmøte i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt. Møtet er på Hotel Bristol i Oslo, med den ferske fiskeriministeren Geir-Inge Sivertsen og statssekretær Odd Emil Ingebrigtsen frå Olje- og energidepartementet som innleiarar.

I løpet av vinteren og våren skal Stortinget gjere seg ferdig med behandlinga av regjeringa sitt framlegg til eit nytt regelverk for fordelinga av fiskekvotar, der deler av framlegget er møtt med sterk motstand frå både små og store fiskebåteigarar. Den mest omstridde delen av framlegget er innføring av ein kvotebank - der staten dreg inn ein del av fiskekvotane når fiskarar samlar større kvotar på færre båtar, og leiger dei ut igjen.

Årsmøtet i Fiskebåt startar i dag, tysdag 11 mars klokka 09:00:

Publisert: 11.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52