Norwegian Hydrogen doblar staben
Norwegian Hydrogen går frå fire til åtte tilsette og varslar fleire nye jobbar i løpet av året.
Selskapet har tilsett Thorstein Jenssen som finansdirektør, og rekruttert ytterlegare tre personar som er på veg inn i selskapet.
Seinare i år skal staben aukast ytterlegare, ifølgje selskapet.
Produksjon i 2023
Norwegian Hydrogen skal byrje produksjon av hydrogen på Hellesylt i 2023. Det blir det første av fleire anlegg som Norwegian Hydrogen vil bygge framover.
– Vi skal vere eit sentralt bidrag i det grøne skifte på nasjonalt plan, og vi skal også undersøke enkelte moglegheiter som finst i utlandet, sa administrerande direktør Jens Berge til NETT NO i august i fjor.
Fleire eigarar
Norwegian Hydrogen spring ut frå Pilot-E prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub, med Knut Flakk og Flakk Gruppen i spissen for satsinga på å utvikle ei verdikjede for hydrogen på Nordvestlandet, saman med det børsnoterte selskapet Hexagon Purus AS, Hofseth International AS og Tafjord som dei største industrielle eigarane.
Publisert: 06.01.2022 10:20
Sist oppdatert: 06.01.2022 10:20