-Det ligg i korta at på eit tidspunkt neste år vil behovet overgå det vi kan produserer på Hellesylt, seier Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge om omfanget av den nye avtalen.
Det er det svenske selskapet GreenIron som har inngått avtalen om å kjøpe hydrogen frå Norwegian Hydrogen, som i starten skal produsere hydrogenet ved anlegget sitt på Hellesylt.
I ei pressemelding om avtalen opplyser partane ikkje noko om volum og verdi på kontrakten, men Berge seier til Nett No at den framskundar behovet for å bygge eitt nytt produksjonsanlegg, i tillegg til anlegget som vart opna på Hellesylt tidlegare i år.
Økonomisk er det gunstig å ha produksjonen nær store kundar, men kvar eit nytt anlegg skal ligge kan Berge førebels ikkje svare på.
Kuttar CO2-utslepp
GreenIron skal bruke hydrogen i produksjonprosessen av metall. Den prosessen erstattar andre prosessar, der fossile energikjelder er innsatsfaktor. Dermed blir CO2-utsleppa i produksjonen reduserert.
For at hydrogen skal ha noko for seg for å få ned CO2-utslepp må den vere produsert av elektrisitet frå fornybare energikjelder, som til dømes vasskraft.
Norwegian Hydrogen produserer hydrogen ved hjelp av straum, som splittar vatn i hydrogen og oksygen.
Statsministeren på opninga
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) var tilstades på markeringa av opninga av Norwegian Hydrogen sin hydrogenfabrikk og øvrige anlegg.
– Hydrogen ein av dei mange løysingane vi treng for å nå klimamåla våre. Regjeringa vil bidra til å byggje opp samanhengande verdikjeder for hydrogen som er produsert med låge eller ingen utslepp. Derfor speler vi på lag med industrien, mellom anna med fleire offentlege tilskots- og låneordningar og samarbeid med EU, sa Støre.
Manglar kraft
Norwegian Hydrogen vurderer produksjonsanlegg fleire stadar, mellom anna eit stort anlegg ved Sjøholt.
Der er ideen å produsere hydrogen for eksport med skip til kundar i Europa.
I februar i år nedsjustertet selskapet Sjøholt-planen til ei mindre anlegg og utsette det store anlegget i uviss tid.
Grunnen var at selskapet ikkje fekk tildelt den krafta det måtte ha for å kunne produserer hydrogen i den skalaen selskapet ønskte.
Publisert: 28.10.2024 11:04
Sist oppdatert: 28.10.2024 11:04