NTNU-rektor glad for snuoperasjon
Regjeringa vil likevel starte bygging av Ocean Space Center.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran fortalde nyheita på ein pressekonferanse måndag, ifølgje NRK.
– Vi er veldig glade for at statsråden no seier at regjeringa, og forhåpentlegvis også Stortinget, ynskjer å få i gang dette prosjektet som planlagt, seier NTNU-rektor Anne Borg til kanalen.
Ho meiner prosjektet er viktig for Noreg som havnasjon og industrinasjon.
SV sin nestleiar, Torgeir Knag Fylkesnes, seier han er forundra over snuoperasjonen, medan LO-leiar Peggy Hessen Følsvik skriv følgjande på Facebook.
– Ein god nyheit og klok avgjerd. (...) Ocean Space Centre får ei viktig rolle for regjeringa si store havvindsatsing, og sørger for å skape arbeidsplassar og kutte utslepp. Dette er ei satsing som gjer at Noreg kan ligge heilt i front på alle dei nye havnæringane, ved å vidareutvikle teknologien vi allereie har.
Publisert: 06.06.2022 20:25
Sist oppdatert: 06.06.2022 20:30