NPK: Sentera får totalt 137 millionar kroner over fem år.
Senter for framifrå utdanning (SFU) er ei prestisjeordning som skal stimulere framifrå kvalitet i norsk høgare utdanning.
– Vi må ha fleire miljø som går føre i arbeidet med å utvikle variert undervisning av høg kvalitet, for alle studentar fortener å få god undervisning. Samfunnet og arbeidslivet må også ha gode kandidatar frå universitet og høgskular. Derfor er det gledeleg at vi no får på plass fleire senter for framifrå utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Etter denne tildelinga er det totalt tolv fagmiljø som har fått SFU-status.
– Vi veit at forelesingar er den mest brukte undervisningsforma, og det er eit stort potensial for ei meir innovativ undervisning der blant anna teknologi i større grad blir tatt i bruk. Det må spreiast kunnskap om og forskast meir på andre måtar å organisere god undervisning på, og her spelar SFU-ane ein viktig rolle, seier Nybø.
Dei fire nye med SFU-status er:
COAST, eit konsortium innan maritim utdanning. Universitetet i Søraust-Noreg er vertsinstitusjon, medan Høgskulen på Vestlandet, NTNU Ålesund og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet er samarbeidspartnarar.
SHE, eit senter på medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo. Dette er eit tverrfagleg senter innan helsefaga, med fokus på globale perspektiv på utdanning og at FNs berekraftsmål blir ein del av utdanninga.
CELL, eit senter på juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som mål å endre juristutdanninga i Noreg. Med denne tildelinga har Universitetet i Oslo fire senter for framifrå utdanning.
iEarth, eit konsortium innan geofag og geovitskap. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon, medan Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Universitetssenteret på Svalbard er samarbeidspartnarar.

Publisert: 12.12.2019 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47