HAV Group Gunnar Larsen Siv Remoy Vangen foto hav group 11
Det er Hav Group sitt datterselskap, Norwegian Electric Systems - leia av Siv Remøy-Vangen, som har fått oppdraget. Til venstre, konsernsjef Gunnar Larsen. Foto: Hav Group
Nytt

Ny ferjekontrakt for Hav Group

Omfattande oppdrag for datterselskapet Norwegian Electric Systems.

20.03.2024

Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems skal stå for leveransar av kraftsystem, automasjonssystem, og brudesign - medrekna navigasjons- og kommunikasjonssystem. for de fire ferjene tyrkiske Tersan Shipyard skal bygge for Fjord 1.

Norwegian Electric Systems skal også vere systemintegrator, som betyr at selskapet får ansvaret for at alle deler kjem på plass når dei skal, og fungerer saman.

– Å bli tildelt den viktige systemintegratorrolla for det som vil bli verdas mest avanserte passasjerferjer er eit stolt øyeblikk for oss, seier Norwegian Electric Systems-sjef Siv Remøy Vangen.

Les børsmelding her

Storleiken på kontrakten er ikkje offentleggjort.

Sjølvstyrte ferjer
1. mars i år signerte Hav Group ein avtale med Fjord 1 om å teikne dei fire elektriske og sjølvgåande ferjene som skal trafikkere sambandet Lavik-Oppdal over Sognefjorden frå september 2026.

Alt i oktober i fjor varsla Hav Group at konsernet kunne få omfattande oppdrag knytt til dei fire ferjene, etter at Fjord 1 valde Hav Group som samarbeidspartnar for å utvikle design og teknologi.

– Dette prosjektet kan potensielt bli ei av Hav Group sine største kontraktar nokonsinne, sa Gunnar Larsen i ei børsmelding i oktober 2023.

Publisert: 20.03.2024 08:49

Sist oppdatert: 20.03.2024 08:58

Mer om