NPK: Seismikkskyting blir brukt til å forske på havbotnen. No skal forskarane i Havforskingsinstituttet forske på korleis seismikken påverkar dyreplankton, og får 11 millionar i støtte av Noregs forskingsråd.
Geologar brukar seismikkskyting for å få eit bilete av korleis havbotnen er sett saman, og om det er olje- og gassførekomstar i området. Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølger som blir skotne ut, og ein kan analysere ekkoet av denne lyden for å hente informasjon om havbotnen.
– I 2017 kom det ein vitskapeleg artikkel i Nature som viste at plankton blir drepen av seismikkskyting på avstandar på opptil ein kilometer, seier HI-forskar Karen de Jong på nettsida til . Anna forsking har vist at skytinga ikkje har skada raudåte noko særleg. Raudåte er en liten krepseart som er viktig næringskjelde for fisken.
Med pengane frå Noregs forskingsråd skal forskarane finne ut kva som fører til auka dødelegheit blant forskjellige typar dyreplankton og i kor stor radius dei blir påverka. Forskinga skal betre kunnskapsgrunnlaget til Havforskingsinstituttet for rådgivinga på seismikk i Noreg, skriv HI.
Geologar brukar seismikkskyting for å få eit bilete av korleis havbotnen er sett saman, og om det er olje- og gassførekomstar i området. Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølger som blir skotne ut, og ein kan analysere ekkoet av denne lyden for å hente informasjon om havbotnen.
Fryktar seismikk tek livet av plankton
No har Havforskingsinstituttet fått drygt 11 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å forske på korleis ulike typar dyreplankton reagerer på lydbølgjene.– I 2017 kom det ein vitskapeleg artikkel i Nature som viste at plankton blir drepen av seismikkskyting på avstandar på opptil ein kilometer, seier HI-forskar Karen de Jong på nettsida til . Anna forsking har vist at skytinga ikkje har skada raudåte noko særleg. Raudåte er en liten krepseart som er viktig næringskjelde for fisken.
Med pengane frå Noregs forskingsråd skal forskarane finne ut kva som fører til auka dødelegheit blant forskjellige typar dyreplankton og i kor stor radius dei blir påverka. Forskinga skal betre kunnskapsgrunnlaget til Havforskingsinstituttet for rådgivinga på seismikk i Noreg, skriv HI.
Publisert: 18.12.2019 14:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






