Oljeindustri otto sverdrup foto ntb 11
VIL HA FULL STANS: Raudt, SV, MDG og Venstre går alle til val på full stans i oljeleitinga i Noreg. Biletet viser Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK
Nytt

Ny klimarapport set fyr på oljedebatten

– Påminning om kor livsfarleg norsk oljepolitikk er, seier MDG-leiar.

09.08.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Miljøpartia meiner den nye rapporten frå FNs klimapanel (IPCC) forsterkar argumentet for at oljeleitinga i Noreg må ta slutt.

Den nye rapporten bør få alle parti til å vakne, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

– Det er opplagt at vi må stoppe å leite etter meir olje, og eg utfordrar alle partia til å leggje fram konkrete planar for korleis vi kan nå klimamåla, slik SV har gjort, uttaler han.

MDG-leiar Une Bastholm seier rapporten gjer henne livredd.

– Dette er ei påminning om kor livsfarleg norsk oljepolitikk er. Med olja er vi den sjuande største eksportøren i verda av klimagassar, og vi har til og med tent oss rike på det, påpeikar ho.

Rask oppvarming
Den nye storrapporten frå FNs klimapanel (IPCC) viser at oppvarminga av jordkloden ligg an til å nå 1,5 grader innan 20 år.

Det vil skje sjølv med djupe og raske kutt i utsleppa.

Held utsleppa fram å auke, kan oppvarminga no så høgt som katastrofale 5,7 grader mot slutten av hundreåret.

FNs generalsekretær António Guterres meiner rapporten må bli «dødsstøytet» for kol og fossile brensel.

– Denne rapporten er kode raud for menneskja. Alarmklokkene er øyredøyvande, og bevisa er uomtvistelege, seier han.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Håpar på vendepunkt
Raudts nestleiar Marie Sneve Martiniussen kallar rapporten ei skakande åtvaring.

– No må vi seie nei til ny oljeleiting og trekkje tilbake 23., 24. og 25. konsesjonsrunde. Vi treng ein ny miljø- og industripolitikk, uttaler ho.

Naturvernforbundets leiar Truls Gulowsen håpar valet i haust blir eit vendepunkt.

– Det internasjonale energibyrået har allereie slått fast at det ikkje er plass til meir olje- og gassleiting viss vi vil spare oss sjølv og barna våre for dette, seier Gulowsen.

– Men Noreg er ikkje berre ein klimasinke i europeisk samanheng: Vi planlegg utvida fossil utvinning i mange år framover, åtvarar han.

Fleirtal for framleis leiting
Også regjeringspartiet Venstre går til val på stans i oljeleitinga.

– Men det er klart at per i dag er fleirtalet på Stortinget eit heilt anna. Det er eit stort fleirtal for framleis leiting, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til NTB.

Hans bodskap er at det no må bli slutt på unntak i klimapolitikken. Rotevatn viser mellom anna til Stortingets vedtak om å gjere unntak for avfallsbransjen frå CO2-avgift og krav frå parti som Frp og Sp om at auken i CO2-avgift ikkje må føre til auka pumpepris.

– Det å snakke om å svekkje klimapolitikken framover, gi ulike unntak og seie at enkelte skal sleppe å vere med og kutte, det bør vere heilt uaktuelt, seier Rotevatn.

– Alle diskusjonar om å svekkje klimapolitikken no bør vere heilt umogleg, seier han.

Sveinung rotevatn foto ntb 11
– DYSTER LESING: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) kallar IPCCs nye storrapport dyster lesing. Men det er framleis mogleg å komme ned mot 1,5 grader, meiner han. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK


– Det er ikkje håplaust

Klima- og miljøministeren meiner eit hovudmål no må vere å hindre at oppvarminga held fram oppover frå 1,5 grader. Han åtvarar mot å gi opp håpet.

– Det ser ekstremt vanskeleg ut å halde oppvarminga under 1,5 grader. Men målet i Parisavtalen er å halde oppvarminga under 2,0 grader og ned mot 1,5 grader. Jo nærare 1,5 grader vi klarer å komme, jo betre er det, seier Rotevatn til NTB.

– Vi har framleis tid til å klare dette. Det er ikkje håplaust.

(©NPK)

Publisert: 09.08.2021 12:18

Sist oppdatert: 16.08.2021 07:16

Mer om