Rem arctic innfelt fredrik remøy foto uavpic com 22
SIKRA I MINST EITT ÅR: Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy (innfelt) er nøgd med at PSV-en Rem Arctic har fått ny kontrakt. Foto: Uavpic.com/Marius Rosbach
Nytt

Ny kontrakt kan gi arbeid heilt til 2024

Rem Offshore sikra ny kontrakt i ein PSV-marknad i betring – og no gjer fornybaroppdraga større innhogg.

Marius Rosbach
22.02.2021

Reiarlaget Rem Offshore har sikra seg minst eitt års arbeid med PSV-en Rem Arctic for oljeselskapet Vår Energi, melder selskapet.

Skipet startar på ein eittårskontrakt i løpet av mars/april, og i kontrakten ligg moglegheiter for opsjonar på 4 gonger seks månader. Det betyr at skipet kan vere sikra arbeid heilt til første halvdel av 2024.

Betre for PSV-ane
I den siste månadsrapporten frå Seabrokers kjem det fram at PSV-marknaden i januar var prega av lite tilgang på fartøy, fordi fleire reiarlag har lagt skip i opplag. Dei spår difor betre moglegheiter for reiarane til å sikre seg skikkeleg betalt framover.

Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy stadfestar til NET NO at marknaden for forsyningsskipa no har betra seg, etter eit par kvartal med tap.

– Akkurat no er det ein trend med positiv inntening og operasjonar, etter at PSV-marknaden botna ut for nokre månader sidan, fortel han.

Reiarlaget i Herøy har ikkje skip i opplag for tida og har i liten grad retta seg inn mot spotmarknaden.

Fornybar tek større delar av marknaden
Vinteren er typisk sesong for konstruksjonsarbeid, og fleire subsea- og konstruksjonsskip har sikra seg arbeid for riggselskap i det siste.

Ein nyleg rapport frå DNV-GL viser samtidig at fornybaroppdrag spesielt innan vindkraft blir viktigare og at stadig fleire ventar større investeringar i denne delen av marknaden.

– Vi ser at vind tek ein større del av marknaden enn tidlegare for subsea-skipa. Før utgjorde det kanskje 10-20 prosent av marknaden, medan det no er over 50 prosent. Det er ein stor vekst, og positivt for desse skipa, påpeiker Remøy.

Rem Offshore sikra seg ein toårskontrakt for Rem Trader i vindmarknaden i januar. Før jul kunne også reiarlaget fortelje at Rem Energy – som er under bygging ved Kleven-verftet – er sikra oppdrag i minst fem år.

Publisert: 22.02.2021 15:39

Sist oppdatert: 22.02.2021 23:37

Mer om