Ny Maaloey ferje skal byggast i Tyrkia
NYTT: Frå 1. januar 2017 skal 42-bilars ferja Vågsøy bytast ut med ei 60 bilars Tyrkia-bygd ferje på strekninga Måløy - Oldeide.
Nytt

Ny Måløy-ferje skal byggast i Tyrkia

Fjord1 skal byggje to nye 60 bilars-ferjer i Tyrkia. Den eine skal inn på strekninga Måløy – Oldeide.

23.01.2015
Etter det NETT NO har grunn til å tru er det Ada skipsverft i Tuzla utanfor Istanbul som får oppdraget med å byggje dei nye Fjord1-ferjene.
- Dette ønskjer vi ikkje å kommentere, men det er rett at vi skal byggje to nye ferjer og det er også rett at vi har vurdert verft i Tyrkia, seier Arild Austrheim, leiar for prosjekt og nybygg i Fjord1.
Ada-verftet har spesialisert seg på ferjer, og har levert ei rekkje ferjer for Fiskerstrand Verft, mellom anna fire Multi Maritime-designa ferjer til Boreal Transport.

Auka kapasitet og standard

Dei to nye Fjord1-ferjene skal gå inn i fylkesvegpakken for Sogn og Fjordane. Den eine ferja skal setjast inn på sambandet Måløy – Oldeide, medan den andre skal inn på strekninga Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella.
- Dei nye ferjene vil gi ein klar auke både i kapasitet og standard, seier Austrheim.
I tillegg til dei to nybygga, skal det skje oppgradering på fleire andre ferjer. Dette er ferjer som går på strekningane Stårheim – Isane og dei to rutene frå Askvoll.
- Vi har kabalen klar, men vil først oppdatere oppdragsgivaren Statens Vegvesen, seier Austrheim.

Fylkesvegferjer

Han opplyser at ferjene det er snakk om er ferjer som skal trafikkere ferjestrekningar som er ein del av fylkesvegsambandet, og som Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for.
Nybygging og oppgradering er ein konsekvens av at Fjord1 har fått anbodet på desse ferjestrekningane, der Askvoll-anbuda startar i 2016, dei to sambanda i Nordfjord i 2017 og Rysjedalsvika i 2018.
- Anbodsperioden vert avslutta likt for alle sambanda, slik at kontraktsperioden er åtte, ni og ti år, seier Austrheim.

Strengare krav

Han opplyser at det er snakk om konvensjonelle ferjer som skal byggast.
- Det vert moderne ferjer med universell utforming, og der det mellom anna er sett strengare krav til NOx-utslepp enn det dagens ferjer på sambanda har.
I dag er det bilferja «Vågsøy» som trafikkerer ruta frå Måløy. Denne ferja tek 42 bilar. No vert kapasiteten auka til 60.

Auka motorkraft

Det har vorte reist ein del kritikk mot Fjord1 for at dagens ferje på strekninga Måløy – Oldeide har hatt problem å leggje til når veret har vore for ille.
Mellom anna har Vågsøy Venstre engasjert seg i saka, og kravd at nyeferja får stor nok motorkraft.
- Ja, den nye ferja vil få nok motor- og manøvreringskraft, fastslår Austrheim.
Han opplyser at det ikkje tek lang tid før alt er klart.
- Det er like rundt hjørnet.
Ja, den nye ferja vil få nok motor- og manøvreringskraft

Publisert: 23.01.2015 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40