Thomas Storvestre Marte Vemøy Åsne Folstad Skaparlinken foto Ogne
UTVIKLING: Thomas Storvestre og Marte Vemøy er moglege brukarar av Skaparlinken, som både tilbyr kontorplassar til nyetablerte og småbedrifter, i tillegg til å vere ein møteplass for heile næringslivet. Dagleg leiar Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling er primus motor for Skaparlinken. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny møteplass for næringslivet

Skaparlinken i Sykkylven opnar dørene.

14.02.2022

-Kjempepositivt for bygda, sier grafisk designar Marte Vemøy, som er på omvisning i i Skaparlinken, den nye møte-og arbeidsplassen for gründerar, småbedrifter, sjølvstendig næringsdrivande og det etablerte næringslivet i Sykkylven.

Ideen er dels den same som Pir og Åkp i Ålesund tilbyr, ein arbeidsplass og eit miljø som både skal inspirere og gi tilgang til kompetanse og erfaringsutveksling.

- Det skal vere ein møteplass for lokalt næringsliv, seier Åsne Folstad, dagleg leiar for Sykkylven Næringsutvikling og primus motor for Skaparlinken.

Vemøy og Thomas Storvestre har nettopp flytta til hennar heimbygd og er interessert i vurdere om Skaparlinken også har eit tilbod for dei. Storvestre er dagleg leiar og medeigar i helsekost- og dyrefôrleverandøren Global Pharma Group og kan jobbe frå kvar som helst i Noreg.

Miljø
Uansett og Vemøy og Storvestre vi leige kontorplass eller ei, skal Skaparlinken vere eit tilbod også for dei, fortel dagleg leiar Helen Folstad i Sykkylven Næringsutvikling. Målet er å bruke lokalet som utgangspunkt for felles arrangement som skal skape eit miljø for alle.

Skaparlinken held til i bygget som tidlegare husa Sparebanken Møre i Sykkylven sentrum. Arealet omfattar fem einpersons-cellekontor og eit dobbeltkontor. I tillegg er der fire kontorplassar i landskap, og to møterom i tillegg til fellesarealet midt i lokalet.

Kontorplassane i landskap er i hovudsak meint for leigetakarar som ikkje er uten etter ein kontorplass på heiltid, men som ønskjer kontorplass i kortare periodar.

Omstillingskommune
Skaparlinken husar og kontor for Sykkylven Næringsutvikling, for omstillingsprogrammet og for hopp.id. Sykkylven næringsutvikling er eit utviklingsselskap som er eigd av kommunen (52 prosent) og bedrifter i Sykkylven.

Sykkylven kommune har fått status som omstillingskommune i åra 2021-2026. Det betyr offentlege midlar i tillegg til bedriftene sin eigen innsats for å skape nye arbeidsplassar, også utanom møbelindustrien.

Hopp.id er eit tilbod om råd og assistanse til personar som vil etablere eiga verksemd.

Publisert: 14.02.2022 16:23

Sist oppdatert: 14.02.2022 16:23