Ny næringspark tek form på Digernes
Dei første inntektene har begynt å kome for utbyggarane. Snart flyttar regionens største bilforhandlar inn.
Vest for trafikkmaskina på Digernes har eit stort svart bygg reist seg på området til Skodje Næringspark. Om eit drygt halvår flyttar skal Bertel O. Steen flytte inn som første leigetakar på omådet som blir utvikla av Skodje Næringspark.
– Dei bygger verkstad og salshall, i tillegg til dei bygger dekklager og verkstad for lastebilar, fortel Oddgeir Svinø til NETT NO.
Han er dagleg leiar i Skodje Næringspark, som familieselskapa til Oddgeir Svinø og Per Waagan står bak.
– Har framleis ledig areal
Svinø fortel at Bertel O. Steen etter planen skal flytte inn i
februar neste år. Bilforhandlaren skal inn på 30, av dei drygt 60 måla
som næringsområdet består av. Det resterande arealet jobbar dei med å
fylle opp.
– Vi har nokre «fuglar på taket», men har framleis ledig areal. Mellom anna har vi ei tomt på 12 mål vest for Bertel O. Steen som må vere den beste profileringstomta i Ålesund, fortel Svinø.
Næringsparken merkar usikkerheita hos bedrifter, som vurderer å investere i nye lokale.
– Vi hadde nettopp ein som hoppa av fordi det blei vanvittig mykje dyrare å bygge. Det er litt skremmande, seier Svinø.
Han har likevel har god trua på at dei vil lukkast med å fylle næringsområdet. Mulegheitene bør vere gode, ettersom Digernes har vore det raskast veksande næringsområdet i regionen dei siste 15 åra.
Vi hadde nettopp ein som hoppa av fordi det blei vanvittig mykje dyrare å bygge
Inntektene har starta å kome
Selskapet Skodje Næringspark handterer drifta av området, medan Waagan Eigedom står for sjølve utbygginga.
Rekneskapet til næringsparkselskapet for dei siste to åra viser at inntektene har starta å kome.
Samla overskot før skatt i desse åra er på drygt 12 millionar kroner. Pengane er nytta til å bygge opp eigenkapitalen til kring ni millionar. Selskapet har drygt 18 millionar i samla gjeld.
God driv i entreprenørverksemda
Oddgeir Svinø er også dagleg leiar i Svinø Entreprenør, som fekk eit
rekordår i 2020. Då inntektene skaut i veret samanlikna med dei
føregåande åra. Lønnsemda blei også svært solid, med ein driftsmargin på
nær ti prosent.
Fjoråret blei detn ny rekordomsetning med inntekter på knappe 95 millionar kroner. Men lønnsemda blei eit hakk dårlegare (sjå tabell under).
– Vi skulle gjerne hatt litt betre driftsmargin, men det er hard konkurranse i bransjen for tida, kommenterer Svinø.
Svinø Entreprenør | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 94,7 | 91,6 |
Driftsresultat | 4,7 | 8,7 |
Res. før skatt | 4,5 | 8,8 |
Skodje Næringspark | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 3,4 | 12,7 |
Driftsresultat | 2,3 | 12,4 |
Res. før skatt | 1,8 | 11,7 |
Publisert: 07.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 07.06.2022 10:32