- Det ser bra ut i år også, seier dagleg leiar Anna Marie Skogli Vatnamo i Innvik Fjordhotell Misjonsheimen.
Frå å ha driftsinntekter på rundt 3,5 millionar kroner, har hotellet i løpet av dei to siste åra auka til 5,7 millionar kroner, som er ny rekord. Lønsemda har heller aldri vore betre for det 34 rom store hotellet, så langt tilbake som NETT NO har oversikt over (1996), Ut frå bestillingane til sommarsesongen ser 2016 ut til å bli minst like bra.
- Akkurat no går turismen så det susar, seier Skogli Vatnamo.
Det betyr at fleire turistar er årsaka til mykje av veksten for hotellet. Meir trafikk betyr også fleire arbeidsplassar. Hotellet ha sju tilsette på heil- eller deltid, og leigde i toppsesongen i fjor også inn 11 personar i tillegg.
I anleggsperioden har hotellet heilårsope, men i ein vanleg driftssyklus er det stengt i januar og februar.
Det har vore ein aukande pågang frå kundar, noko som speglar etterspørselen for reiselivet generelt i indre Nordfjord, meiner ho.
Frå å ha driftsinntekter på rundt 3,5 millionar kroner, har hotellet i løpet av dei to siste åra auka til 5,7 millionar kroner, som er ny rekord. Lønsemda har heller aldri vore betre for det 34 rom store hotellet, så langt tilbake som NETT NO har oversikt over (1996), Ut frå bestillingane til sommarsesongen ser 2016 ut til å bli minst like bra.
- Akkurat no går turismen så det susar, seier Skogli Vatnamo.
Fleire tilsette
Dei to siste åra har hotellet husa anleggsarbeidarar som utvidar vegen frå Innvik til Olden. Det gir hotellet ei inntekt på omlag ein million kroner i året.Det betyr at fleire turistar er årsaka til mykje av veksten for hotellet. Meir trafikk betyr også fleire arbeidsplassar. Hotellet ha sju tilsette på heil- eller deltid, og leigde i toppsesongen i fjor også inn 11 personar i tillegg.
I anleggsperioden har hotellet heilårsope, men i ein vanleg driftssyklus er det stengt i januar og februar.
Pågang
Turistveksten har kome utan spesielle marknadsføringstiltak frå hotellet, seier Skogli Vatnamo.Det har vore ein aukande pågang frå kundar, noko som speglar etterspørselen for reiselivet generelt i indre Nordfjord, meiner ho.
Publisert: 07.04.2017 12:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08