Ny partnar i framtidslaben
Har over 60 partnarar etter aktivt år.
Sparebank 1 SMN blir ny partnar i Framtidslaben i Ålesund, ifølgje ei pressemelding tysdag.
– Nokre av prosjekta som Sparebank1 SMN har gått inn i, skal motverke sosial ulikskap - slik som støtte til Skattkammeret og Skibanken. Andre prosjekt dreier seg om byutvikling og krav til næringslivet for å unngå grønvasking, heiter det i meldinga.
Dagleg leiar Marielle Furnes Mannseth i Framtidslaben meiner sparebanken blir ein viktig partnar.
Partnarinntekter på 2,4 mill. i fjor
Framtidslaben blir utvikla gjennom samarbeid med partnarane. Etter eit hektisk fjorår er talet på partnarar kome opp i over 60. Dei kjem frå både offentleg sektor, privat næringsliv, organisasjonar og akademia.
Desse er med å sikrar finansieringa av drifta med opptil 100.000 kroner kvar. I løpet av fjoråret sikra dette inntekter på 2,4 millionar kroner, ifølgje årsrapporten for 2020 som nyleg blei gjort offentleg.
Nye arbeidsplassar
Framtidslaben er oppretta og driven av Ålesund kommune.
– Vi meiner at vi står på trygg grunn når vi seier at Framtidslaben har vore med å auke attraktiviteten til regionen og skape nye arbeidsplassar, skiv dagleg leiar Mannseth i årsrapporten.
Ho viser mellom anna til partnaren i Augmentcity, der det er kome til fleire nye tilsette. Også det tilknytta selskapet Offshore Simulator Centre, søkte nyleg etter fleire folk.
Publisert: 16.03.2021 10:51
Sist oppdatert: 16.03.2021 12:21