Våge Klepp er 48 år, busett i Ålesund, utdanna sivilingeniør i marinteknologi frå Høgskolen i Ålesund og Newcastle University og har ein Master i Business Administration frå BI.
Han har lang fartstid frå den maritime klynga på Nordvestlandet, og har brei leiarerfaring frå internasjonale konsern som Rolls-Royce Marine og Vard, skriv selskapet i ei pressemelding.
Dagens leiar, Liva Christin Notøy, skal ut i svangerskapspermisjon frå hausten, og dermed var det naturleg å foreta leiarskiftet no – seier styreleiar i Plany, John Ivar Olsen. Liva skal tilbake i si tidlegare stilling som økonomileiar etter endt permisjon, i følgje pressemeldinga.
- Plany har alle forutsetningar for positiv utvikling; eit godt omdøme, god kompetanse og løysingar som kundane etterspør i fleire marknader.
- Dette, kombinert med langsiktig eigarskap som ser verdien i produktutvikling og nytenking, gjer at potensialet for vidare vekst er til stades, seier han i pressemeldinga.
Han har lang fartstid frå den maritime klynga på Nordvestlandet, og har brei leiarerfaring frå internasjonale konsern som Rolls-Royce Marine og Vard, skriv selskapet i ei pressemelding.
Lakseluskamp
Plany har spesialisert seg på lakselusbekjempelse og har hatt stor suksess med sitt lakselusskjold, eit presenningsprodukt som blei ein stor suksess då det kom.Dagens leiar, Liva Christin Notøy, skal ut i svangerskapspermisjon frå hausten, og dermed var det naturleg å foreta leiarskiftet no – seier styreleiar i Plany, John Ivar Olsen. Liva skal tilbake i si tidlegare stilling som økonomileiar etter endt permisjon, i følgje pressemeldinga.
Skal vekse
Våge Klepp meiner Plany skal vekse.- Plany har alle forutsetningar for positiv utvikling; eit godt omdøme, god kompetanse og løysingar som kundane etterspør i fleire marknader.
- Dette, kombinert med langsiktig eigarskap som ser verdien i produktutvikling og nytenking, gjer at potensialet for vidare vekst er til stades, seier han i pressemeldinga.
Publisert: 03.07.2018 15:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23