Ny rekord for Hjelle Hotel
OPPTUR OGSÅ I ÅR?: Gjestane på Hjelle Hotel er tidlegare ute med å bestille i år enn på same tid i fjor. 
Nytt

Ny rekord for Hjelle Hotel

Sommarhotellet på Hjelle i Stryn aukar inntektene for tredje år på rad.

06.03.2017
I 2016 passerte Hjelle Hotel fem millionar kroner i driftsinntekter for første gang, og drivar og fjerde generasjons eigar Lorentz Hjelle seier det så langt ser enda betre ut i år.

Hotellet driv berre i sommarsesongen, frå 1. mai til 20. september.
Dei som bestiller rom er tidlegare ute enn i fjor, og Hjelle meiner det er grunnlag for ein prisauke som kompenserer for momsauken på hotellrom som kom i fjor og til å også ta ut litt ekstra auke i lønsemda.

Meir lønsame kundar

Då vegen over Strynefjellet, som før gjekk rett forbi hotellet, vart lagt i tunnell i 1996 endra kundegrunnlaget seg frå unge vår- og sommarskiløparar på Strynefjellet til litt eldre par som ville ha nokre romatiske og rolege dagar.
Det er også ei betre betalande kundegruppe og Hjelle seier bedrifta no har ei inntening som er god nok til å både forsvare drift og investeringar.

Tener på tryggleik

Det 29 romt store hotellet har i hovudsak individuelle reisande og ein utanlandsandel på 75-80 prosent, anslår Hjelle.
Han meiner frykt for terrorangrep i andre land har fått fleire utanlandske turistar til å velje Noreg i staden, og at det - saman med valutaeffekten - har medverka til å gi turismen i Noreg ein opptur.
- Det er ikkje berre krona som er svakare, seier Hjelle.

Publisert: 06.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06