Inmarsat solutions montasje foto inmarsat solutions solstad hapaq lloyd 11
KRAFTIG VEKST: Etter fleire år med kraftig vekst i inntektene, omsette Inmarsat Solutions i fjor for meir enn tre milliardar kroner på kommunikasjonsteknologi. Foto: Hapaq Lloyd/Inmarsat Solutions/Solstad Offshore
Nytt

Ny sjef i Inmarsat Solutions

Nytt lederskifte i Ålesund-selskapet som omsette for meir enn tre milliardar i fjor.

22.09.2022

Frank Aasen Bjørnsen er ny administrerande direktør i Inmarsat Solutions.

Ålesund-selskapet er eit datterselskap i det internasjonale Inmarsat-konsernet, ein av dei store aktørane i satelittkommunikasjonsmarknaden.

Leiarskiftet som vart kunngjort no i september, er det andre i Inmarsat Solutions på kort tid etter at mangeårige sjef Trond Leira slutta for å bli sjef for Bunker Oil seint i fjor.

Leira vart erstatta av Kenneth Ingar Borgen før Bjørnsen no tek over.

Bikka tre milliardar i omsetning
Inmarsat Solutions har hatt rakettvekst i driftsinntektene etter at dei første gong bikka 100 millionar amerikanske dollar i 2016.

Frå 2019 til 2020 gjorde inntektene eit kraftig hopp og veks med 75 prosent, til 269 millionar dollar.

I fjor auka inntektene med nye ti prosent, men lønnsemda vart svekt samanlikna med året før. Ei omsetning på 296 millionar dollar svarar til meir enn tre milliarder kroner med dagens kurs.

Konsernet kom i fjor attende til plussresultat før skatt, etter tap i 2020 (sjå tabell).

Ventar på avklaring
I fjor haust kunngjorde Imarsat-konsernet og Viasat ein avtale om at Viasat skulle bli den nye eigaren.

Den avtalen håpar Viasat blir fullført i løpet av andre halvår i år. Viasat/Inmarsat er avhengig av at både EU og amerikanske styresmakter godkjenner avtalen.

Tredje eigarskifte sidan 2011
Inmarsat-konsernet kjøpte ålesundsselskapet Ship Equip i 2011 og skifta namn på selskapet til Inmarsat Solutions.

I 2019 blei Inmarsat-konsernet i sin tur kjøpt opp av eit konsortium av private equity-selskap og pensjonsfond, som no vil selje vidare til Viasat.

For dei tilsette i Ålesund blir det i tilfelle det tredje eigarskiftet på 10 år

Inmarsat Solutions as
Tal i mill. US dollar20212020
Driftsinntekt296,3269,2
Driftsresultat1,914,2
Resultat før skatt0,812,3
Inmarsat Solutions (konsern)
Tal i mill. US dollar20212020
Driftsinntekt1352,41238,8
Driftsresultat104,216,0
Resultat før skatt17,7-182,9

Publisert: 22.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2022 11:55

Mer om