Viasat kjøper Inmarsat
Inmarsat verdsett til 62 milliardar kroner i oppkjøpet. Tredje eigarskifte på ti år for dei tilsette i Ålesund.
Telekommunikasjonsselskapet Viasat og satelittkommunikasjonsselskapet Inmarsat slår seg saman fortel selskapa på sine nettsider. Det skjer etter at Viasat kjøper Inmarsat.
Det britiske Inmarsat-konsernet har omlag 100 tilsette i Ålesund, i det norske datterselskapet Inmarsat Solutions. Administrerande direktør Trond Leira i Inmarsat Solutions seier alle spørsmål blir handtert frå London.
God butikk
Inmarsat Solutions auka driftsinntektene frå 156 millionar i 2019 til 269 millionar dollar i fjor.
- Vi opplevde at etterspørselen etter digitale tenester auka stort, etter fleire år med organisk vekst, sa administrerende direktør Trond Leira til NETT NO då 2020-tala blei offentlege i oktober i år.
I løpet av fjoråret auka selskapet frå 93 til 98 årsverk, ifølgje årsrapporten.
Etablert i Ålesund
Inmarsat-konsernet kjøpte ålesundsselskapet Ship Equip i 2011 og skifta namn på selskapet til Inmarsat Solutions.
I 2019 ble Inmarsats-konsernet i sin tur kjøpt opp av et konsortium av private equity-selskap og pensjonsfond som no sel vidare til Viasat. For dei tilsette i Ålesund er det dermed det tredje eigarskiftet på 10 år
Oppgjeret skjer dels i kontantar og dels i form av aksjar i Viasat og innber og at Viasat tek over gjelda til Inmarsat.
Les også
Publisert: 08.11.2021 16:31
Sist oppdatert: 21.12.2021 07:27