Richard Schofield foto hav group
NYE OPPDRAG: Richard Schofield er på plass som Hav Design-sjef. Han håpar på nye kontraktar og at selskapet har behov for fleire folk mot slutten av 2026. Foto: Hav Group
Nytt

Ny sjef på plass i Hav Design

Overtek selskap i motbakke. Håpar på nye oppdrag innan første halvår.

15.01.2026

Per utløpet av 3.kvartal 2025 hadde skipsdesignselskapet Hav Design eit underskot på 18,6 millionar kroner og ein inntektsnedgang på 37 prosent samanlikna med same periode i 2024. Utan eit svært sterkt 4. kvartal i fjor ligg Hav Design an til at 2024 blir det første året i minus sidan 2015.

Artikkelen er oppdatert etter at Nett No fekk kontakt med Schofield

I september 2025 fortalde morselskapet Hav Group at Richard Schofield vart tilsett som ny Hav Design-sjef, og no er han på plass.

Håpar på kontraktar og oppbemanning
Schofield seier selskapet håpar å ha sikra seg nye oppdrag innan 1. halvår i år, og kunne oppbemanne mot slutten  av årey, for å ta unna ei større oppdragsmengde.

Per i dag har Hav Design 55 tilsette, 38 av dei i Fosnavåg/Ålesund og12 i Polen.

Schofield er spesielt optimistisk til to marknadar, skip til oppdrettsbransjen og skip utbygging ogh vedlikehald av vindkraftanlegg til hav.

Størst
I Nett No si oversikt over  korleis det gjekk med dei norske skipsdesignselskapa i 2024 var Hav Design det største selskapet målt i driftsinntekt.

Hav Desgin er eit datterselskap i børsnoterte Hav Group, og kvartalsrapportane for 2025 viser at skipsdesignselskapet fekk det tøffare i fjor enn i 2024.

Schofield er britisk og har budd på Sunnmøre dei siste 15 åra. Han starta karrieren hos forsvarsleverandøren BAE Systems og har hattt leiarroller i  Vard Electro, Optimar og Ulstein Design & Solutions. 

– Som ein uavhengig skipsdesignar med røter i både skipsbygging og drift, skal Hav Design være ein tett samarbeidspartnar for reiarlag, verft og leverandørar, frå tidleg fase, gjennom byggeperioden, og heile livsløpet, seier Schofield i pressemeldinga. 

Hav Design as  
Per 3. kvartal20252024
Driftsinntekt94,9150,4
Driftsresultat-19,82,7
Resultat før skatt-18,66,8

Publisert: 15.01.2026 09:58

Sist oppdatert: 15.01.2026 13:06

Mer om