Ny Soelvtrans ordre til Aas Mek Verksted
FAMILIETREFF: Robin Halsebakk i Sølvtrans er komen til Sunnmøre på sin sykkeltur gjennom Noreg. Her er han med søstra Anja og nevøen Sander Bolzli Halsebakk på Sandsøya i går, der Anja overrekte 50.000 til kreftinnsamlingsaksjonen som er ein del av sykkelturen. I morgon er Robin hos Aas Mek. Verksted for å markere at reiarlaget inngår ny kontrakt med verftet.
Nytt

Ny Sølvtrans-ordre til Aas Mek. Verksted

Sølvtrans bestiller skip til over 200 millionar kroner hos Aas Mek. Verksted.

16.06.2017
Til saman har Sølvtrans og datteselskapet Bømlo Brønnbåtservice fått bygd 28 brønnbåtar hos Aas Mek. Verksted.
Med den siste kontrakten er reiarlaga kome opp i kontrakt nummer 29 med verftet, og brukar det opsjonen på eitt skip til kan kontrakt nummer 30 med verftet i Vestnes vere eit faktum i løpet av året.
Brønnbåten er av Aas Mek. Verksted sitt eige design, og har ein kapasitet på 2500 kubikkmeter. Sølvtranssjef Roger Halsebakk vil ikkje opplyse prisen, men NETT NO anslår at den ligg mellom 200 og 250 millionar kroner.

Båt nummer 23

Med den nye brønnbåten er Sølvtrans og Bømlo Brønnservice-flåten oppe i til saman 21 farty, 15 av dei i Sølvtrans.
Det er ikkje lenger enn sidan tidleg i mai at Sølvtrans kunngjorde førre byggekontrakt, ein brønnbåt til ein halv milliard kroner som skal byggast hos Havyard.
- Ein skal ikkje sjå vekk i frå at det kan bli realisert ei kontrahering til om ikkje så lenge, sa dagleg leiar og medeigar Roger Halsebakk i Sølvtrans til NETT NO då Havyard-kontrakten blei offentleggjort.

Det blir verdast største brønnbåt, med ein kapasitet på 7500 kubikkmeter, tre gangar meir enn fartyet no skal bygge hos Aas. Mek Verksted.

Pengar til kreftsaka

Avtalen mellom Aas Mek. Verksted og reiarlaget blir markert i morgon når Robin Halsebakk syklar innom på sin veg frå syd til nord i Noreg. Robin er son til Roger Halsebakk, og arbeider sjølv i reiarlaget.

Han har brukar turen mellom anna til å samle inn pengar til kreftsaka. Så langt har han samla inn rundt 300.000 kroner, mellom anna 50.000 frå Ronja Capital, Roger Halsebakks investeringsselskap.

Publisert: 16.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11