Ny Vard-nedskriving
Ny nedskriving av Vard-aksjane medverkar til minusresultat i Fincantieri.
Det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri gjekk med underskot på 234 millionar euro i første halvår i år (sjå tabell)
Fincantieri eig mellom anna Vard, det største skipsbyggingselskapet på Nordvestlandet med verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvik, i tillegg til i Romania, Vietnam og Brasil.
I første halvår skriv Fincantieri ned verdien av eigarskapen i Vard og sitt amerikanske datterselskap CGU FMG Group med tilsaman 107 millionar euro, går det fram av halvårsrapporten til Fincantieri. Korleis nedskrivingane er fordelt mellom dei to selskapa er ikkje opplyst.
Ekstraordinære kostnadar
I tillegg til nedskrivinga av Vard og CGU FMG Group har Fincantieri bokført fleire ekstraordinære eingongskostnadar i 1. halvår i år.
Til saman er det snakk om ekstraordinære kostnadar på 153 millionar euro. Dei omfattar mellom anna ei ny vurdering av Fincantieri si verksemd retta mot anlegg og infrastruktur på land, konsekvensen av høgare råvareprisar og nedskriving av nokre finansielle eigendelar.
Nedskrivinga av verdien av Vard-aksjane er den andre etter at Fincantieri fekk full kontroll over Vard.
Fincantieri varsla allereie i november 2016 at selskapet ville by på alle aksjane i Vard, ta selskapet av børs og gjere det til eit heileigd datterselskap i Fincantieri-konsernet. Då bodet kom eigde Fincantieri 55,63 prosent av aksjane.
Bodet verdsette heile Vard til 1,7 milliardar kroner og hausten 2018 nådde Fincantieri målet. Nedskrivinga av Vard-aksjane i 2020 var på 570 millionar kroner.
Vard Group sitt årsreknskap for 2021 er ikkje offentleg tilgjengeleg enno.
Trass i nedskrivinga ventar Fincantieri betring i andre halvår, at driftsinntektene vil bli høgare i 2022 enn i 2021 og at lønsemda blir betre seg i andre halvår.
Konsernet er optimistisk på cruise-industrien - konsernet si største kundegruppe - sine vegne og viser til at interessa for å bygge nye cruiseskip alt på vår var høgare enn i 2019 - før koronapandemien.
Uvissa no er spesielt knytt til vidare utvikling av koronpandemien og konsekvensen av krigen i Ukraina. Vard sine skrogverft i Romania må fraktast ut via Svartehavet og krigen har mellom anna auka forsikringskostnadane.
To forretningområde
Vard-eigar Fincantieri har organiserte drifta i Vard i to forretningsområde.
Bygging av alt frå fiskebåtar, offshorefartøy til vindkraft- og oljeindustrien og marinefartøy er samla i forretningsområdet offshore og spesialskip. Forretningsområdet er reindyrka Vard-verksemd
Bygging av cruiseskip hos Vard er ein del av forretningsområdet skipsbygging. Forretningsområdet skipsbygging omfattar både Vard-verft og Fincantieri-verft.
Fincantieri-konsernet | ||
1. halvår. I mill. euro | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3510 | 3251 |
Driftsresultat | -21 | 123 |
Resultat etter skatt | -234 | 7 |
Forretningsområde skipsbygging | ||
1. halvår. Tal i mill. euro | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2822 | 2867 |
Driftres. før av- og nedskriving | 168 | 200 |
Forretningsområde offshore og spesialskip | ||
1. halvår. Tal i mill. euro | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 376 | 211 |
Driftsresultat | 9 | 3 |
Publisert: 27.07.2022 12:14
Sist oppdatert: 15.11.2023 08:33