Tidlegare i år vart Brødrene Aa i Hyen sitt sightseeingsfarty Vision of the Fjord kåra til årets skip.
Fartyet vart sett i trafikk på Nærøyfjorden i starten av turistsesongen, og i 2018 er målet til Brødrene Aa å ha ei ny utgåve på sjøen før turistsesongen 2018.
Den andre utgåva skal vere heilt elektrisk, og for å støtte opp om utviklingsarbeidet er Brødrene Aa plukka ut som eitt av fem prosjekt som skal dele på 70 millionar kroner i støtte gjennom det såkalla Pilot E-programmet.
Bak Pilot E- står Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og Enova. Poenget med prosjektet er å stimulerer til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart.
Fiskerstrand Verft, som skal utvikle ei hydrogendriven ferje, er også mellom dei som har fått støtte.
Støtta frå Pilot E-prosjektet skal brukast til å utvikle batteriteknologien, ladeløysingane, skrogforma og evna til å gå med stor fart på rein batteridrift.
- Det er mykje å ta fatt i, seie Aa.
Den første båten kan ta 400 passasjerar, den neste skal kunne frakte 450 og vil truleg erstatte eldre farty i Sognefjorden.
Kontrakten er ikkje underteikna, men reiarlaget har sikra seg ein opsjon på å få bygd fartyet. Støtten frå Pilot E-prosjeket var eit viktig vilkår for at kontrakten skal falle på plass, i følgje Aa.
Fartyet vart sett i trafikk på Nærøyfjorden i starten av turistsesongen, og i 2018 er målet til Brødrene Aa å ha ei ny utgåve på sjøen før turistsesongen 2018.
Berre batteri
Den første utgåva er eit hybridfarty som både har batteri og dieselgenerator som energikjelde.Den andre utgåva skal vere heilt elektrisk, og for å støtte opp om utviklingsarbeidet er Brødrene Aa plukka ut som eitt av fem prosjekt som skal dele på 70 millionar kroner i støtte gjennom det såkalla Pilot E-programmet.
Bak Pilot E- står Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og Enova. Poenget med prosjektet er å stimulerer til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart.
Fiskerstrand Verft, som skal utvikle ei hydrogendriven ferje, er også mellom dei som har fått støtte.
Rivande utvikling
Allereie etter at den første Vision of the Fjord vart sjøsett sa Tor Øyvin Aa at batteriteknologien hadde utvikla seg så raskt at det ville vere råd å drive eit slikt farty berre på batteri.Støtta frå Pilot E-prosjektet skal brukast til å utvikle batteriteknologien, ladeløysingane, skrogforma og evna til å gå med stor fart på rein batteridrift.
- Det er mykje å ta fatt i, seie Aa.
Opsjonsavtale om bygging
Det er sighseeingsselskapet The Fjords som skal ha den nye "Vision of the Fjords". Reiarlaget som er eigd av Fjord 1 og Flåm as, tinga den første båten og planlegg ein til.Den første båten kan ta 400 passasjerar, den neste skal kunne frakte 450 og vil truleg erstatte eldre farty i Sognefjorden.
Kontrakten er ikkje underteikna, men reiarlaget har sikra seg ein opsjon på å få bygd fartyet. Støtten frå Pilot E-prosjeket var eit viktig vilkår for at kontrakten skal falle på plass, i følgje Aa.
Publisert: 16.12.2016 15:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04