Ny vurdering av skulekutt og ferjetakstar
NY VURDERING: Fylkestinget har møtt sterke protestar både frå skulesektoren og bedrifter etter innsparingar på skule og auke på ferjetakstar. 
Nytt

Ny vurdering av skulekutt og ferjetakstar

Høgre vil ha tilbake yrkeslinjer og fylkesordføraren er villig til å sjå på innsparingane på nytt etter stort overskott.

Marius Rosbach
27.02.2020
Høgres Anders Riise meiner Møre og Romsdal fylkeskommunen sitt overskot på drifta, må føre til at nokre av innsparingane politikarane gjorde før jul – blir gjort om.
Fleire har teke til orde for å sjå på både skulekutt og takstauken på ferje på nytt dei siste dagane. Også tidlegare har det vore sterke reaksjonar frå næringslivet på auka ferjeutgifter og dårlegare yrkesutdanning.

Synspunkt frå Maritimt Forum Nordvest og Mafoss:


Ei endeleg avgjerd for korleis overskotet frå driftsresultatet på 313 millionar skal nyttast, vil ikkje vere klart før fylkestinget sitt møte i april.

Seier nei til Sve-forslag

Frank Sve (Frp) vil reversere alle innsparingane på skule. Han i fylkesutvalet for at dei kunne utsette søknadsfristen førstkomande måndag. Slik kan administrasjonen få tid til å starte opp att nedlagte linjer allereie til hausten.
Det meiner verken Riise eller fylkesordførar Tove-Lise Torve, er nokon god ide.
– Vi meiner det blir for mykje usikkerheit for elevar, foreldre og skulane. Skulane vi har snakka med, seier til oss at dei vil at søknadsprosessen skal gå som planlagd – også er dei opne for å starte opp att neste skuleår, seier Rise.

Les også:


Vil ha meir til skule og ferje

Høgre hadde vidareføring av fleire yrkeslinjer inne i sitt forslag før jul – og det er framleis deira prioritert nummer ein.
– Vi meiner at noko av overskottet skal gå tilbake til skule, og YSK- og TAF-linjene er viktigast for oss. Viss søkartala på enkelte linjer er større enn tilbodet – så vil vi også vurdere å utvide talet på plassar, slik at flest mogleg kjem inn på førstevalet, seier Riise.
Høgre meiner overskotet også gir grunn til å lette litt på auken i ferjetakstane – men Riise påpeiker at det vil ta tid. Politikarane vil minst vente til revidert statsbudsjett i mai, før dei tek ei endeleg avgjerd i den saka.

Trur utsett frist vil gi kaos

Fylkesordførar Tove-Lise Torve fortel til NETT NO at det berre er Frp sine representantar som står bak forslaget til Sve om å utsette søknadsfristen. Ho viser til at kommunelova krev at minst ein tredel stiller seg bak kravet – og vil difor ikkje kalle inn til ekstraordinært møte.
– Vi trur også det vil utløyse eit kaos for både elevar, foreldre, tilsette og lærarar, seier Torve om forslaget.
I ei pressemelding fylkesordføraren sendte ut torsdag, viser ho til at dei økonomiske grepa dei tok i fjor, har begynt å virke – og at overskottet vil kome godt med for å løyse store oppgåver dei neste åra.
Når det gjeld ferjetakstane viser Torve til at ho har tru på at det kjem midlar i revidert statsbudsjett - og at fleirtalet vil nytte dei til å sette ned prisane.

Vil diskutere skulekutt på nytt

også til komande store oppgåver for fylkeskommunen. Ho nemnte tunnelsikring, overtaking av hamner og usikkerheit kring Nordøyveg-finansiering. I tillegg har fylket milliardbeløp å ta att på vedlikehald av vegar.

Les også:


– Når det gjeld disponering av årsresultatet for 2019, så går det til behandling i fylkestinget i april, seier fylkesordføraren til NETT NO torsdag.
– Vil du gå inn for å reversere innsparingar på skule?
– Det må eg diskutere med mine partifellar og dei andre partia som utgjer fleirtalet i fylkestinget. Men det er eit faktum at elevtala i fylket går ned og gir mindre overføringar frå staten. Då må vi tilpasse strukturen i skulane etter det, svarar ho.

Færre elevar på søre

Torve viser til at søre Sunnmøre er mellom distrikta, der det er venta betydeleg færre elevar til vidaregåande dei komande åra. Her blei mellom anna ei yrkeslinje ved Ulstein vidaregåande lagt ned – og ei avdeling i Vanylven.
– TAF-linja ved Ulstein vidaregåande har hatt gode søkartal, men blei likevel lagt ned. Kvifor det?
– Vi var nøyd til å ta ei heilskapleg vurdering. Både i høve struktur, men også på økonomi. Desse linjene er kostbare og har få elevar. I valet mellom å legge ned linjer som ville ramme fleire, så valte vi å gjere det slik, seier ho.

Meir om saka:




Vi meiner at noko av overskottet skal gå tilbake til skule, og YSK- og TAF-linjene er viktigast for oss.

Publisert: 27.02.2020 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53