Nyare baatar er mest framtidsretta
ÅLESUND: Farstad Shipping-direktør Karl-Johan Bakken vil selje fleire eldre skip, og meiner at det er viktig å satse på skip som er miljøvenlege og har lave driftskostnader.
Nytt

- Nyare båtar er mest framtidsretta

Farstad Shipping-direktør Karl-Johan Bakken seier at det ikkje er dei eldre og rimelegare båtane som klarer seg best i dagens tøffe marknad.

23.02.2016
- Nei, slik er det ikkje. Tvert imot får vi ofte best betalt for dei nyare og dyrare båtane.
Han seier at grunnen til dette er at oljeselskapa har fokus på miljø, i tillegg til at dei nyare båtane har lavast driftskostnader.
- Det går eit skilje mellom båtar som har diselelektrisk framdriftssystem og andre hybridløysingar, og båtar som har eldre og meir forureinande løysingar.
Farstad Shipping har delt flåten inn i to kategoriar; ein del som ein ønskjer å selje, om ein får selje til ein akseptabel pris, og ein del som ein vil satse vidare på.
- Det er den eldre tonnasjen vi ønskjer å selje. Derimot meiner vi at dei nyare båtane med miljøvenlege løysingar er framtidsretta.

Seld fem skip

Så langt har Farstad Shipping kvitta seg fem eldre skip. I fjor vart 25 år gamle ankerhandteraren seld, i tillegg til den 26 år gamle PSV-en og 15 år gamle .
Hittil i år har selskapet seld den 25 år gamle PSV-en og den 15 år gamle PSV-en .
Skipa er selde med bokførde tap.
Det kan verte fleire båtsal.
- Ja, det kan det absolutt verte, seier Bakken.

Kraftig ratehopp

Far Scorpion og Far Sapphire, to av Farstad Shipping sine seks-sju år gamle ankerhandterarar, fekk måndag kontrakt med Esso Norge for å flytte riggen West Alpha til 65.199 britiske pund per dag. Dette tilsvarar 800.000 norske kroner. Same gode betaling fekk Siem Topaz og Normand Prosper.
Fiire andre ankerhandterarar inngjekk måndag kontrakt med Statoil for 750.000 kroner dagen, medan Maersk Lifter oppnådde knappe 800.000 kroner for spotoppdrag for ConocoPhilips.
- Ja, dette er godt betalt, og vi tener gode pengar på slike oppdrag så lenge det varer.
- Men det er ikkje snakk om eit trendskifte. For oss er det snittet som tel, sjølv om vi er glade for denne siste kontrakten, seier Bakken.
Den forrige spotkontrakten Farstad-skipet Far Scorpion inngjekk var heilt nede på 9000 britiske pund, tilsvarande 121.000 norske kroner.
For oss er det snittet som tel, sjølv om vi er glade for denne kontrakten

Publisert: 23.02.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53