
Ørsta-reiarlag bygger ny båt
Eit av regionens mest lønnsame fiskebåtreiarlag har bestilt nybygg i Danmark.
Fiskebåtreiarlaget Sæbjørn As i Ørsta har bestilt ny båt ved Karstenens Skibsværft i Danmark.
Det er snakk om ein kombinert snurpar/trålar med ei lengde på nær 70 meter og breidde på kring 15 meter. Planlagt levering frå det danske verftet er sett til september 2027.
Skroget er venta å kome til verftet februar same år. Om bord blir det mellom anna propellar frå Brunvoll-konsernet og hovudmotor frå Bergen Engines.
Hinta om nybygg i årsmeldinga
Dagens ringnotbåt er frå 1996, og selskapet hinta om at det låg an til eit nybygg i årsmeldinga for 2023.
«Selskapets fartøy er også begynt å bli aldrende, og det bør gjennomføres en oppgradering av eksisterende fartøy, eller kjøpet et nytt/nyere fartøy. Styret har påstartet denne prosessen», het det i årsberetningen fra styret.
Kjell Sævik er dagleg leiar i Sæbjørn og eig kring 33 av aksjane i selskapet. Bente Kristin Sævik og Inger Marthe Sævik har same eigardel, medan Knut Arne Vik og Inger Mari Vik eig drygt 16 prosent kvar.
Nett No fekk ikkje kontakt med Kjell Sævik for ein kommentar om nybygget onsdag.
Kjempeoverskot i fjor
Fiskebåtreiarlaget som held til på Vartdal, har levert superresultat i fleire år. Det blei toppa med 2023-rekneskapen som kom nyleg.
Det viste inntekter på 99 millionar – og eit resultat før skatt på 52 millionar kroner. Selskapet satt med andre ord att med meir enn kvar andre krone i overskott (sjå tabell under).
Årets bransjeoversikt for fiskebåtreiarlaga er ikkje klar – men dei siste åra har Sæbjørn-reiarlaget plassert seg heilt i toppen når det kjem til lønnsemd i Nett No-barometeret for fiskeriet.
Sæbjørn As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekter | 99,3 | 77 |
Driftsresultat | 49,4 | 37,5 |
Resultat før skatt | 52,5 | 38 |
Bygger for ein rekke norske reiarar
Fartøyet til Ørsta-reiarlaget blir byggenummer 493 for Karstensens Skibsværft, som har kapra ein rekke oppdrag frå den norske fiskeflåten dei siste åra.
Dess større og dyrare fartøy, dess meir sannsynleg er det at verftet er utanlandsk, viste ei oversikt Nett No presenterte i fjor. På det tidspunktet hadde det danske skipsverftet 11 båtar i ordreboka til norske reiarar.
Nyleg kom 2023-talla for verftet som viste en omsetning i fjor på nær to milliardar – og eit driftsresultat på nær 12 millionar. Inntektene auka samanlikna med året før – og det same gjorde lønnsemda.
Publisert: 31.07.2024 18:06
Sist oppdatert: 31.07.2024 18:11