Nye kontraktar for over ein halv milliard
Høgaste flåteutnytting på fleire år for Island Offshore.
- Det er framleis sesongsvingingar, men aktiviteten er på veg opp og marknaden er meir balansert. Utnyttinga hittil i 2023 er enda betre enn fjoråret og vi håpar dette vil halde fram. Det er også gledeleg at vi ser meir arbeid på tvers av segment og fartøy. Dette gjeld også fornybar-marknaden. Vi forventar gradvis meir arbeid i denne sektoren dei nærmaste åra for dei eksisterande skipa, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore i ei pressemelding.
Island Offshoreflåten omfattar i dag 21 fartøy, og flåteutnyttinga har ikkje vore høgare på fleire år, skriv selskapet i pressemeldinga. I periodar er det for lite båt tilgjengeleg i Nordsjøen og dette spissar marknaden, heiter det i pressemeldinga.
I første kvartal var utnyttingsgraden til Island Offshore-flåten 83 prosent. For 2023 tl saman ventar selskapet eit utnyttingsgrad på over 90 prosent, seier Walaunet til NETT NO.
Den siste tida har selskapet sikra seg oppdrag for over ein halv milliard kroner fordelt over to år. Dei nyaste kontraktane gjeld både for ankerhandteringsfartøy og forsyningsfartøy. Ordrereserven er på 2,5 milliardar kroner.
Publisert: 27.04.2023 15:33
Sist oppdatert: 27.04.2023 16:14