Nye tankar sikra oppdrag
SIKRA ARBEID: Dagleg leiar Ove Henriksen og teknisk sjef Karl Johan Mork med modellen Barovan-modellen 410, som gir betydeleg auka slepekraft. Produktutvikling har sikra at at selskapet trur på ny vekst i år.
Nytt

Nye tankar sikra oppdrag

I fjor fall salet for Ulmatec Baro. I år reknar dagleg leier Ove Henriksen med meir å gjere.

08.04.2015
Ulmatec Baro i Herøy lagar utstyr for seismikkskip, og fekk merke at marknaden krympa i 2014.
Men ei rekkje nye produkt, saman med forbetringa av eksisterande produkt, gjer at dagleg leiar Ove Henriken trur driftsinntektene vil ta seg opp i år.

Mykje verre

Nye produkt og produktforbetringar gjer at kundane skifter ut eksisterande utstyr. Investeringa i produktutvikling har lønt seg, i følgje Henriksen.
- Utan hadde det sett mykje verre ut, seier han.

Verdsrekordar

I løpet av dei siste månadene er det sett fleire verdsrekordar når det gjeld seismiske leiteoperasjonar, der utstyr frå Ulmatec Baro har vore ein avgjerane del, skriv selskapet i ei pressemelding.
Nyleg sette sesimikkselskapet Dolphin Geophysical ny verdsrekord for for total bredde på seismisk slep med seismikkskipet "Sanco Sword".
Skipet, eigd av Gjerdsvik-selskapet Sanco Shipping, taua nyleg 12 seismiske lyttekablar med ein avstand på 150 meter mellom kvar kabel. Totalt hadde slepet ei største breidde på 1850 meter.
Dette er det breiaste slepet som nokon gong har vorte taua frå eit enkelt skip i seismisk samanheng, i følgje pressemeldinga.
Total lengde med lyttekablar i vatnet var her på om lag 85 kilometer.
"Sanco Sword" er utstyrt med Barovanar frå Ulmatec Baro. Ein Barovan er merknamnet på innretninga som syter for at seismikkablane spreier seg seg frå kvarandre under slepet.

Kraftigare utstyr på veg

Henriksen varslar at selskapet har nytt og kraftigare utstyr på veg inn i marknaden.
Betre utstyret gjer at seismikkskipa kan undersøkje eit større område under kvart slep.
Ulmtaec Baro er ein del av Ulmatec-konsernet. Ulmatec er ei forkorting av Ulstein Marine Technology AS. Selskapet har historie tilbake til 1917 og Ulstein Mek Verksted, opphavet til Ulstein gruppa. Etter salet av Ulstein til Vickers tilbake i 1999 vart det etablert ei rekke maritimt retta bedrifter. Eit av desse var Ulmatec. Etablert i 2000, er no morselskap for ei gruppe av selskap som leverar marine teknologi og service over heile verda.

Publisert: 08.04.2015 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43