Skjermbilde 2021 03 21 kl 14 10 59
STRAMMAR INN: Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund, og kollegaene i Giske og Sula strammar kraftig inn på smitteverntiltaka.
Nytt

421 i karantene i Ålesund

Stenger aktivitetar og forbyr arrangement. Også ein vaksinert blant dei smitta.

21.03.2021

Denne veka er det registrert 24 koronatilfeller i kommunen. 421 er i karantene.

Ein av dei smitta er tidlegare vaksinert med AstraZeneca-vaksinen.

Folkehelseinstituttet har gitt kommunane råd om å reagerer raskt og gjere strenge tiltak, sa ordførar Evan Vinje Aurdal på ein felles pressekonferanse for Ålesund, Giske og Sula i dag.

Stenger
Ålesund, Sula og Giske stenger treningsenter, symjehallar, hotellbasseng og badeland, museum, kino, teater og konsertstadar.

Innandørs idrettsaktivitet for folk over 20 år blir forbode.

Skjenkeløyve vert trekt attende.

NTNU og fagskulen skal berre drive digital undervisning.

Sjå heile forskrifta for dei tre kommunane i slutten av artikkelen. Forskrifta gjeld til og med 11. april.

– Ålesund står no ovanfor ein heilt ny smittesituasjon. Vi er i dialog med helsemyndigheiter og styresmakter om korleis vi skal handtere dette utover dei som allereie er sett i karantene, sa ordførar Eva Vinje Aurdal i ei pressemelding i går.

- Folkehelseinstituttet gav oss klare råd om å reagere raskt og gjere strenge tiltak, sa hos då ho innleia til pressekonferanse i dag.

Her er koronaforskrifta og tilrådingar for Ålesund, Sula og Giske:

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte(Covid-19) i Ålesund kommune i Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1. Formål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal og spreiing av mutant virusvariant i lokalsamfunnet.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følgje av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4. Stenging av verksemder

  1. Følgande verksemder og stader skal halde stengd:
  1. Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent.
  2. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  1. Symjehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:
  1. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.
  2. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.
  3. rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  4. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.
  1. Fornøyelsesparkar, bingohallar, spillehallar, lekeland, bowlinghallar og tilsvarende stader.
  2. Museum.
  3. Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.
  4. Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde opent for barn og unge under 20 år, utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av livssynssamlingar og seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved bryllaup, gravferder, bisettingar, dåp og konfirmasjon. Covid-19 forskrifta § 13a, Antall personar som kan vere til stade på eit arrangement i Covid-19 forskrifta gjeld, likevel slik at det på anna arrangement enn gravferd eller bisetting ikkje kan vere meir enn 20 personar til stade når alle i publikum har faste, tilviste sitteplassar.

Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stade, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell, er tillate.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Universitet, høgskolar og fagskolar skal halde sine lokale stengde for elevar og studentar slik at undervisninga skjer digitalt. Tilsvarande gjeld lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskole, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven, til kursaktivitet under studieforbund og til Kompetanse pluss. Bibliotek og lesesalar i lokala kan likevel vere opne.

Institusjonane kan gjere unntak frå kravet i første ledd dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjonen i studiet. Dette gjeld ikkje studieforbund og Kompetanse pluss.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for profesjonelle toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 11. Ansvar

Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 12. Straff

Forsetteleg eller grovt uaktsam overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med covid-19-forskriften § 24.

§ 13. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 21.mars kl. 24.00 og gjeld fram til 11.april kl. 24.00.

Tilrådingar

  • Du bør ikkje ha fleire enn fem gjestar i eigen heim. Det blir oppfordra om å møtast utandørs.
  • Tal på kontaktar gjennom ei veke bør ikkje vere over 10 personar ut over nødvendige kontaktar i jobbsamanhang, husstandsmedlemmar og barnehage- og skolekohortar.
  • Du bør halde 2 meters avstand i møte med andre personar i risikogrupper, og i situasjonar der smitterisikoen kan vere høgare (f.eks. ved fysisk aktivitet med høg intensitet, synging eller roping).
  • Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige. Reise til arbeid må sjåast på som nødvendig. For de aller fleste vil det likevel gjelde krav om heimekontor. Unntak for studentar og andre som bor på hybel der heimeise er nødvendig.
  • Busette i kommunen blir tilrådd bruke lokale kjøpesenter/varehus.
  • Busette i kommunen kan dra til fritidsbustad, men berre saman med personar i eigen husstand.
    • Gjer alle innkjøp i eigen kommune før avreise. Ikkje oppsøk butikkar, serveringsstader eller møteplassar med mange menneske i hyttekommunen. Hald god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk kva råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg dei. Ikkje ta imot besøk på hytta. Sjå FHIs råd for bruk av alpinanlegg.
  • Kommunane og fylkeskommunane bør innføre forsterka tiltak i kollektivtransporten.
  • Personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke eller å døy dersom dei blir smitta av koronavirus, bør leve meir skjerma.
  • Ein-til-ein verksemder, for eksempel frisørar, bør innføre forsterka tiltak som bruk av munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand eller å redusere eller midlertidig fjerne behandlingstilbod som inneber nærkontakt ansikt-til-ansikt.
  • Testing og oppfølging av nærkontaktar og husstandsmedlemmar:
    • Personar som er i smittekarantene blir tilrådd å teste seg på dag 7-10 i karantenetida.
    • Nærkontaktane som er knytt til eit utbrot av det muterte koronaviruset, blir testa med PCR-test både ved inngang til karantena (med ein gang dei er definerte som nærkontakt) og utgang av karantena (tidlegast dag 7).
    • husstandsmedlemmar av nærkontaktar bør vere i karantene fram til første PCR-test foreligg for nærkontakta. Dette gjeld i utbrot som er knytt til den engelske virusvarianten.

Publisert: 21.03.2021 13:09

Sist oppdatert: 21.03.2021 18:43

Mer om
Annonsørinnhold