Atlantic sapphire florida montasje november desember 2021 foto atlantic sapphire 11
MIAMI: Atlantic Sapphire med storsatsing på landbasert oppdrett i Miami. Her frå bygginga av anlegget i november og desember. Analytikar trur selskapet må hente inn meir pengar. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Nytt børsfall for oppdrettskjempe

Analytikar trur oppdrettsselskap må hente inn nye 890 millionar kroner.

10.01.2022

Atlantic Sapphire fell over fire prosent på børsen måndag, etter eit fall på to prosent fredag.

Bakgrunnen for det siste kursfallet er ei oppdatering frå selskapet om at det vil koste rundt to milliardar kroner å gjennomføre ei utviding av selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Miami, Florida.

Planen er å auke den årlege produksjonskapasiteten ved anlegget til 25.000 tonn laks.

Halvering frå august
Kursen har falle med 70 prosent på eitt år, og det største kursfallet kom etter at det vart brann i selskapet sitt pilotanlegg i Danmark.

Børsen prisar no selskapet til 3,8 milliardar kroner. Det er ei halvering sidan 8. august i fjor, og verdiar for over ni milliardar kroner har forsvunne sidan toppen i februar i fjor.

Ifølgje E24 spår no meklarhuset SEB med at selskapet i 2021 vil få eit underskot på over 850 millionar kroner, og trur underskotet i 2022 vert på nye 462 millionar kroner.

Spår på ny emisjon
SEB-analytikar Bent Rølland har ei salstilråding på Atlantic Sapphire-aksjen, og har eit kursmål på 34 kroner aksjen. Måndag vert aksjen handla til rundt 42 kroner.

SEB trur også at Atlantic Sapphire ikkje vil oppnå lønsemd før i 2024.

Til E24 seier Pareto-analytikar Carl-Emil Kjølås Johannessen at han forventar at Atlantic Sapphire må hente inn 100 millionar dollar i ny eigenkapital, tilsvarande 890 millionar kroner.


- Ingen endringar
I oppdateringa til marknaden skriv Atlantic Sapphire at framdrifta ved anlegget i Miami går etter planen, og at ein forventar å setje ut fisk i slutten av året.

I ein epost til E24 skriv finansdirektør Karl Øystein Øyehaug i Atlantic Sapphire at ikkje noko har endra seg i forhold til dei opphavelege planane, og selskapet forventar å oppnå positiv drift frå og med tredje kvartal i år.

Publisert: 10.01.2022 10:44

Sist oppdatert: 10.01.2022 13:25

Mer om