Nytt Entec oppkjoep
KONSERN I VEKST: Jogeir Romestrand (t.v.) og Håvard Haanes har no samla fire selskap under Entec Group-paraplyen.
Nytt

Nytt Entec-oppkjøp

Konsernet med vekstambisjonar kjøper ingeniørselskap frå Hareid.

Marius Rosbach
15.08.2019
Entec held fram veksten og har inngått avtale om å kjøpe Hareid-selskapet Utbyggingsteknikk.
– Som eit ledd i å realisere vår vekststrategi, ønskjer vi å styrke oss med meir kompetanse og kapasitet innafor det byggtekniske området, seier konsernsjef Håvard Haanes i Entec i ei pressemelding torsdag.
Det meiner han Entec finn i ingeniørselskapet i nabokommunen til konsernet sitt hovudkontor i Ulsteinvik.

Les også:



Rådgjeving og prosjekteringstenester

Utbyggingsteknikk har i ei årrekke levert rådgjeving- og prosjekteringstenester til byggebransjen og kommunaltekniske avdelingar. Selskapet har også solid økonomi, ifølgje tal frå Brønnøysundregistrene.
Dei tilsette i Utbyggingsteknikk vil gå inn i Entec sitt team i prosessteknologi, saman med Brimer og Servitech-selskapa.
Saman leverer desse produkt, system og tenester til vann- og avløpbransjen, landbasert oppdrett, fiskeri og anna industri.
– Vi vil med dette kunne levere eit breiare produkt- og tenestespekter til våre kundar, og vi styrker vår eigen kapasitet på eit strategisk viktig område, seier Stig Stokke som leiar prosessteknologi-divisjonen til konsernet.
Tidlegare i sommar vart det kjent at Evotec kom , saman med Brimer og Servitech. Selskapa held fram som heilheigde driftsselskap. Målet til Entec er å vekse både når det gjeld folk og ulike marknader.

Les også:



Publisert: 15.08.2019 23:26

Sist oppdatert: 29.10.2024 10:08