Havila Capella innfelt Arne Johan Dale foto Havila Kystruten 11
GOD MELDING: Finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten meiner positivt vedtak britiske styresmakter aukar sjansen for at amerikanske styresmakter også vil vere positive.
Nytt

Nytt hinder rydda av vegen

Havila Kystruten kan få lån frå britiske investorar. Håpar på tilsvarande vedtak i USA.

05.05.2023

UK High Court har i dag forlenga fristen Havila Kystruten har til å få på plass ei refinansiering som erstattar den tidlegare långivaren, det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK.

Havila Kystruten må erstatte GTLK som långivar på grunn av sanksjonane mot Russland på grunn av krigen mot Ukraina.

Fristen er forlenga med to månader, til 30. Juni 2023.

Britisk klarsignal
Samstundes har britiske styresmakter gitt klarsignal til at britiske investorar kan vere med på ei refinansiering.

Det vedtaket aukar sjansen for at også amerikanske styresmakter vil gi eit tilsvarande klarsignal, ifølgje finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten.

USA og Storbritannia er to sentrale land i internasjonal finansmarknad, og eit klarsignal frå dei aukar tilfanget av potensielle investorar som kan vere med på ei refinansiering.

Fri seg frå russisk långivar
Herøy-reiarlaget hadde allereie fått dei naudsynte lisensane for å refinansiere selskap og skip.

Pengane til GTLK blir sett på ein sperra konto og står der så lenge sanksjonane varer, medan Havila Kystruten finn seg nye långivarar.

I september i fjor melde Havila Kystruten at selskapet hadde funne långivarar som kunne erstatte GTLK.

"Havila Kystruten har inngått avtaler om refinansiering av selskapet skip. Finansieringen utgjør samlet 370 millioner euro og dekker betaling til Tersan ved levering av Havila Polaris og Havila Pollux samt innløsning av eksisterende gjeld knyttet til alle skipene.", skreiv selskapet i ei børsmelding.

Dessverre for selskapet vart det ikke så enkelt, og tidspunktet for når dei to skipa som enno ikkje er i trafikk kan byrje å segle er utsett fleire gangar.

Publisert: 05.05.2023 17:26

Sist oppdatert: 05.05.2023 17:26

Mer om