NTB Yb F g Fg If14 1
GLAD: Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna seier at ho er glad, men ikkje overraska over at lagmannsretten gir staten medhald i innleigesaka. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Nytt

Nytt nederlag om innleige for bemanningsselskap

Borgarting lagmannsrett gir staten medhald.

14.01.2025

(NPK-NTB-Anders R. Christensen): – Slik lagmannsretten ser det, påverkar dei omstridde reglane ikkje tilgangen til arbeidsmarknaden for arbeidstakarar. Arbeidstakarar frå andre EØS-statar kan på same måte som før ta arbeid i Noreg. 

Det skriv Borgarting lagmannsrett i den einstemmige dommen etter at 16 bemanningsselskap gjekk til retten fordi dei meiner at dei nye innleigereglane strir mot EØS-avtalen.

I april 2023 stramma regjeringa inn reglane for innleigd arbeidskraft, som mellom anna innebar eit forbod mot innleige av arbeidstakarar frå vikarbyrå for å utføre mellombels arbeid.

I juni same året gjekk 30 bemanningsbyrå til sak for å få ein stans i innføringa av restriksjonane på innleige i ei mellombels åtgjerd, fordi dei meinte at det ville bryte med EØS-reglane om rørslefridom for arbeidstakarar.

– Ikkje restriksjon på fridommen
Både Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett slo fast at innleigeforbodet ikkje er i strid med EØS-avtalen. 16 av føretaka tok saka vidare til Høgsteretts ankeutval, som i fjor vår sende saka tilbake til lagmannsretten på grunn av saksbehandlingsfeil.

No har Borgarting komme til same konklusjon som sist, og forkastar anken til bemanningsbyråa. Retten meiner at byråa ikkje kan vise til, i eigenskap av å vere arbeidsgivarar, reglane om rørslefridom for arbeidstakarar.

– Uansett er det ikkje sannsynleggjort at det ligg føre ein restriksjon på denne fridommen, skriv lagmannsretten.

Brenna ikkje overraska
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier til NTB at ho ikkje er overraska over at anken blir forkasta.

– For regjeringa er innstrammingane i innleigeregelverket ein viktig del av arbeidet med å sikre eit arbeidsliv der hovudregelen er faste og direkte tilsetjingar. Det er tradisjonen i norsk arbeidsliv og gir tryggleik for folk, seier Brenna.

Vurderer ny anke til Høgsterett
Advokaten til bemanningsbyråa Odd Stemsrud seier at dei ikkje er samde i vurderingane til domstolen.

– Gitt den store betydninga saka har både for dei, bemanningsbransjen i og for seg og moglegheita for innleige i næringslivet generelt, er det rett og viktig at spørsmåla blir underlagde ei tilstrekkeleg autoritativ domstolsprøving. Selskapa vil no vurdere om saka skal ankast til Høgsterett, skriv han i ei tekstmelding til NTB.

Han seier at klientane også støttar ein vidare prosess mot Noreg hos Eftas overvakingsorgan Esa.

Publisert: 14.01.2025 09:55

Sist oppdatert: 14.01.2025 10:28

Mer om