Kort fortalt

Regjeringa står på sitt

Avviser at innleigereglar bryt med EØS-retten.

20.10.2023

NPK-NTB: Regjeringa held fast overfor Eftas overvakingsorgan (Esa) på at innstrammingane i bruk av innleigd arbeidskraft frå bemanningsbransjen er i tråd med EØS-retten.

Overvakingsorganet Esa meiner at fleire av innleigereglane i regjeringa bryt med EØS-avtalen, og har opna sak mot Noreg.

Bakgrunnen er lovendringane regjeringa innførte i 2022, som fjernar moglegheita bedrifter har til å bruke innleige når arbeidet er av mellombels karakter. I tillegg vart det innført eit totalforbod mot bruk av innleige i byggje- og anleggsbransjen i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold fylke.

Esa skreiv i eit opningsbrev i juli at enkelte av dei nye innleigereglane strir mot EØS-retten. Opningsbrevet er det første steget i ei sak der Esa kan ende opp med å reise søksmål ved Efta-domstolen.

I eit tilsvar til Esa avviser no regjeringa at innleigereglane bryt med EØS sitt regelverk.

– Innstramningane i innleigeregelverket utgjer ein viktig del av arbeidet til regjeringa med å sikre eit arbeidsliv prega av faste og direkte tilsetjingar. Faste tilsetjingar i den verksemda der arbeidet blir utført, gir tryggleik for kvar enkelt arbeidstakar. Slike tilsetjingar gir også best grunnlag for tillit, utvikling og samarbeid mellom partane i arbeidslivet og varetek fellesskapen den norske arbeidslivsmodellen er tufta på, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Regjeringa, med tilslutninga til stortingsfleirtalet, har heile tida meint at innstramningane ligg innanfor det handlingsrommet Noreg har etter EØS-avtalen.

– Regjeringa vil ha eit høgt vernenivå for den norske arbeidsmarknadsmodellen, for arbeidstakarane og for helse og tryggleik. Esa utfordrar valet av vernenivå, men vi meiner at statane sjølv kan velje korleis dei prioriterer legitime omsyn opp mot andre omsyn, som til dømes fleksibilitet for næringslivet, understrekar Brenna.

Publisert: 20.10.2023 06:59

Sist oppdatert: 20.10.2023 07:02

Mer om